Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi treng deg som brenn for fag og pasienttryggleik - og om du i tillegg er god på kommunikasjon og bidrar til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø er du ein som vil passa hos oss! Anestesilegen som blir tilsett hos oss vil ha mulighet til å disponere bustad på sjukehuset sitt område dersom det skulle vera av interesse. Den ledige stillinga består av desse arbeidstidene: Vaktdøgn og dagarbeid. 

Vil du vera med å fortsette arbeidet med å vidareutvikle ei solid og fagleg sterk anestesiavdeling ved Stord sjukehus? Anestesilegane våre er tilstades i aktiv vakt ved sjukehuset heile døgeret. Vi er stolte av ei vaktordning som aukar pasienttryggleiken samstundes som legane våre trivst med å vera tett på heile døgeret.

Vi har ikkje assistentlege i anestesiologi, difor er anestesioverlegane våre tett på pasientane våre i operasjonsavdelinga, i fødeavdelinga, i intensivbehandling og i akuttmottak. Vi tener generell kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, tannbehandling, ØNH og urologiske inngrep. Sjukehuset har i tillegg ei solid medisinsk avdeling og ei mindre intensivavdeling med respiratorbehandling og NIV. Som anestesioverlege hos oss vil ein rykke ut på ulike alarmar; medisinsk team til barn, dårleg nyfødd, stans, traume og utvida medisinsk team. 

Høyres det ut som noko som kan passe for deg?    

Ta kontakt ved spørsmål, vi vil gjerne høyre frå deg! 

Arbeidsoppgåver

  • Variert anestesiologisk arbeid knytt til elektiv virksomhet og øyeblikkelig hjelp. Vi fordeler operasjonsprogrammet vårt på 4 operasjonsstover i ei nyare avdeling               
  • Anestesioverlegane våre inngår i vaktordning med døgnvakter
  • Mottak av pasientar i anestesipoliklinikk før operasjonsdag
  • Avdelinga kan legge til rette for at ein kan fordjupe seg i område ein er spesielt interessert i, t.d. traumebehandling, blokkadar, smertebehandling, nyføddresuscitering

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi
  • Relevant praksis og erfaring frå norske sjukehus
  • Ein må kunne inngå i aktuell vaktordning/tenesteplan som inkluderer 24-timers vakter utan forvakt
  • Gode språkkunnskapar er eit krav. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar

    Hos oss er det viktig at du:

    • har gode kommunikasjonsevner
    • kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
    • har motivasjon og interesse for fagfeltet
    • arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
    • bidreg til eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø på tvers av dei ulike avdelingane

    Vi tilbyr

    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Konkuransedyktig pensjonsordning
    • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
    • Bustad til disposisjon utan kostnad (gjeld sjykehuset sine personalbustadar på sjukehusområdet) første året
    • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

     

    Mangfoldserklæring

    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Overlege/spesialist
    Arbeidsgiver
    Helse Fonna HF
    Kontaktpersoner
    Navn: Marius FIltvedt van Gool
    Tittel: Avdelingsoverlege
    Telefon: 41046824
    Navn: Britt Johanne Rikstad Myklevoll
    Tittel: Avdelingsleiar - akuttmottak og anestesi
    Telefon: +47 53491052
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    Akuttmottak og anestesiavdeling Stord, Helse Fonna HF
    Tysevegen 64
    5416 Stord