Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Volda sjukehus er eit veldreve lokalsjukehus med full akutt- og traumefunksjon. Kirurgisk avdeling har spesialistar innan generell- og gastrokirurgi samt urologi. Som LIS2 går du i eit felles 6-delt vaktsjikt med LIS2 i ortopedi,  med ansvar for både generellkirurgiske og ortopediske pasientar. Dette gir deg ei variert kirurgisk grunnopplæring og eit godt fundament for vidare spesialisering

Vi har ledig 2 vikariat i perioden 01.09.2024-31.08.2025

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane  med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY- og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk og operasjon

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend LIS1
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personelege eigenskapar vert vektlagde
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og engasjert
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Olav Skjærpe Brattli
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70058200
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6103 Volda