Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Fonna treng dyktige og engasjerte medarbeidar for å møte dagens og framtidas utfordringar. I den forbindelse søkjer vi etter lege i spesialisering til Nevrologisk avdeling ved Haugesund sjukehus.

Innan nevrologi har vi åtte overlegestillingar og åtte stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ein eigen eining innan Medisinsk klinikk. Eininga tilbyr tenester som poliklinikk (generell og spesialpoliklinikk for MS, epilepsi, Parkinson, hjerneslag, ALS/Huntington/nevro-onkologi, botox), nevrofysiologisk laboratorium. Sengepost har åtte senger for generell nevrologi og seks for slagpasientar. I 2027 flytter sengeposten vår inn i heilt nytt bygg! 

Nevrologi er eit fagfelt i kontinuerleg utvikling, med stadig nye og betre behandlingsmoglegheiter. Som LIS i nevrologi vil du møte pasientar i alle aldersgrupper med ei rekkje spanande sjukdommar og tverrfaglege utfordringar. Samarbeid med andre faggrupper som terapeutar og logopedar er essensielt. Vi tilbyr grundig opplæring før du startar med vaktar.

Vi ser fram til å motta søknaden din og vil kontakte aktuelle søkjarar fortløpande!

Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid sammen med overlege
  • Etterhvert deltakelse i poliklinisk arbeid
  • Deltaking i tverrfaglig samarbeid
  • Mulighet for deltaking i botoxbehandling
  • Spinalpunksjon.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med fullført turnustjeneste (eller du er snart ferdig med turnustjenesten)
  • Det er ein fordel med erfaring frå norsk sjukehus
  • Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er ein entusiastisk lege som ønskjer å bli nevrolog
  • har sosiale eigenskaper
  • har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Grundig opplæring i prosedyrer og vaktoppgaver
  • Fast veiledning
  • Avspasering kvar 8.veke
  • Avsett tid til fordjuping 1 dag anna kvar veke
  • Aktivt og triveleg internasjonalt arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Kirsten Solstrand
Tittel: Avdelingsleder
Telefon: 94827389
E-post: kirsten.solstrand@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologisk avdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND