Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Voss herad har til saman 20 fastlegar og 2 LIS1-legar i sitt fastlegekorps.
For den rette søkjar vil Voss herad vera behjelpeleg med å søkje om støtte til spesialistutdanning i allmennmedisin via tilskotsordninga "ALIS Næring" frå Helsedirektoratet, noko som er aktuelt dersom ny heimelsinnehavar ikkje er spesialist.
Det er ei velordna fastløna Interkommunal legevakt med Legevaktsentral på Voss sjukehus kl. 16:00-22:00 (2 legar påvakt for kommunane Voss, Ulvik, Eidfjord og Vaksdal) og 22:00-08:00 (1 lege på vakt for kommunane Voss, Ulvik, Eidfjord, Vaksdal og Kvam), ca. 12-delt vakt. Som fastlege i Voss herad vil du ha plikt til å delta i interkommunal legevakt. Du må pårekna opp mot 40 vakter på årsbasis på helg, kveld, natt og høgtider. I periodar kan det vera mindre vaktbelastning.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må vera spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Ynskjeleg
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein fordel 
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr
  • Allsidige arbeidsoppgåver innanfor allmennmedisin
  • Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan verta pålagt, men er ikkje planlagt pålagt ved oppstart i stillinga.
  • Me tilbyr kommunal støtteordning med påslag på basistilskot, full praksiskompensasjon etter nattevakt på legevakt, samt gjenkjøpsgaranti. 
  • For å motta støtteordningen legg kommunen til grunn eit listelengd på hhv 1000 pasientar (erfarne LIS3 og spesialistar i allmennmedisin) eller 800 pasienter for (for uerfarne LIS3) i fulltids stilling.
 
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Ana Cecilia Ortega Sæthre
Tittel: Lege
Telefon: 90071878
E-post: post@drsaethre.no
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Arbeidssted
Sæthre legekontor
Vangsgata 38
5700 VOSS