Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

I Molde har vi kanskje landets hyggelegaste indremedisinske seksjon. Vi er ein seksjon som over tid har vore i vekst, og nå ønsker vi å styrke laget ytterligare fram mot at vi våren 2025 skal flytte inn i eit heilt nytt sykehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Seksjonen kan friste med svært dyktige kollegaer, mykje humor, gode dagar på jobb og spesielt godt arbeidsmiljø. i tillegg er vi lokalisert i naturperla Møre og Romsdal, med utallege fritidsmoglegheiter og kulturtilbod. 

Ved seksjon medisinske legar Molde har vi to faste ledige stillinger for Lege i spesialisering med utdanningsløp i indremedisin.

Seksjonen er veldifferensiert og har spesialistar i alle indremedisinske fag. Vi er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi. Når vi om under eit år vert slått saman med medisinske legar i Kristiansund, inn i nytt sykehus, vil seksjonen få enda bedre- og  meir robuste fagmiljø i samtlege indremedisinske fag.  Likevel vil sykehuset vere lite nok til at kvardagslogistikken er enkel og god, og samtidig stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. 

Vi satsar på fagleg kvalitet, utdanning, auka bruk av og kompetanse omkring indremedisinske prosedyrer, aukande forskingsaktivitet og godt arbeidsmiljø. Vi har internundervisningar med høg kvalitet og eit av landet sitt kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt. Vi har tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrer, som td. leiing av medisinsk team (MET-team), bruk av ultralyd i vakt og lignande. Vi har veldifferensierte poliklinikkar med høgt fagleg nivå og fokus på å ha det kjekt på jobb. Vi har eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagsbingo, is i frysaren, kaffe i koppen, god humor og spreke kollegaer. 

Sjølve seksjonen består av fagseksjonerte senger fordelt på to indremedisinske sengepostar og ein overvåkings-/intensiveining. Seksjonen har totalt ca 50 legar, 26 overlegar og 14-delt overlegevakt. LIS går 12-delt vakt, og LIS1 går 10-delt vakt. Som LIS 2/3 får du moglegheit  til å arbeide på medisinsk poliklinikk som ein del av spesialisering i indrejmedisin og andre grenspesialitetar. Her vert det lagt stor vekt på opplæring og utdanning slik at ein i trygge rammer kan lære å utøve eit særdeles spennenade og givande yrke. Vi legg til rette for personleg utvikling inneafor ditt interesseområde.

Vil du vere med på laget? Lære indremedisin i eit miljø der du har store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og kjekke arbeidsdagar?
Vi har vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet og overlege i bakvakt som er heime på natt. Det er sett av tid i planen til rettleiing og fordjupning, og dette overholdast.

Oppstartdato for stillingen kan vurderast i samråd med den aktuelle søkaren.
Attestert tjenestebevis fra tidligere arbeidsgivar og anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknaden.       

Arbeidsoppgåver

  • Delta i gjeldande vaktordning
  • Her får du mye ansvar, men i trygge rammer
  • Du vil få god opplæring i akuttprosedyrer
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk
  • Tidlig og strukturert opplæring i enkel ekkokardiografi
  • Du vil få moglegheit til å rettleie  og supervisere LIS1
  • Med bakgrunn i eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogeleg for personleg og fagleg utvikling. Det er gode moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanning eller turnustjeneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk - skriftlig og muntlig tilfredsstillande
  • Erfaring innan indremedisin eller anna relevant spesialitet fra før er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du jobber godt alene og i team
  • Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerlig med faglig utvikling
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltar aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen og for et godt arbeidsmiljø
  • Du er sulten på ny kunnskap og erfaring
  • Personlige egenskaper blir vektlagt ved ansettelse

Vi tilbyr

  • Ein glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar
    Spesielt godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med stort fagleg fokus
    Ein inkluderande arbeidsplass
    Lønn etter gjeldande overeinskomst
    Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
Telefon: 92433378
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE