Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Føde- og gynekologisk seksjon har normert 8 stillingar, for tida fordelt på 5 overlegar og 3 LIS.

Føden har ca 500 fødslar i året, lav- til moderat-risiko fødslar. Vi opererer ikkje kreft, men ellers tek vi oss av alle vanlege tilstandar innan det gynekologiske området. Det er 5-6 delt vakt, med heimevakt om natta. Både seksjonen og sjukehuset elles, har godt arbeidsmiljø, er veldrive og godt utstyrt. Vi har barnelege, men inga barneavdeling.

Vi har ledig fast stilling for Lege i spesialisering (LIS3) frå 19.08.2024.

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan by på av fjell og fjord. Her kan du oppleve dei ville og vakre sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Her er også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid som lege i spesialisering på poliklinikk, dagkirurgi, operasjon, sengepost og med deltaking i vakt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godt norsk/skandinaviske språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjement
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Idunn Myklebust
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 70058200
Hjemmeside
Arbeidssted
Føde, barsel og gyn.pol legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6103 Volda