Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ved Ålesund legevakt søkjer vi no etter overlege til dagstilling. Stillinga inneheld 40% klinisk arbeid ved daglegevakta, og 60 % administrativt arbeid.
Administrativt arbeid inkluderer fagutvikling, sakshandsaming, opplæring og oppfølging av LIS1, veiledning og supervisjon av ALIS-kandidater, samt undervisning av medisinstudenter fra NTNU.
For å styrke verksemda endrar vi organiseringa med no og ha to stillingar med overlegefunksjon. Ei stilling for legevakt og ein  tilsvarande overlegefunksjon ved ØHD/ OGM- avdeling, der dei to overlegane vil utgjere eit fagteam og ha stedfortredarfunksjon for kvarandre.

Ålesund legevakt består av legevaktsentral, to legevaktlokalisasjoner og legebil. Legevakten har tre tilhørende observasjonssenger, og ligger tett ved Ålesund sykehus. På dagtid tilbyr legevakten tjenester til Ålesund kommune. På kveld og natt inngår flere kommuner i et interkommunalt samarbeid. Vi har per tiden kjørelege som eit prøveprosjekt i 2024. Dette er legebil utstyrt av helseforetaket der ein arbeidar saman med ambulansearbeider/paramedisiner.

Vi søkjer etter deg som har engasjement og interesse for den akuttmedisinske helsberedskapen i kommunehelsetenesta. 
Ein vert ein del av eit team i et større fagmiljø, som arbeider for å oppretthalde og vidareutvikle tenestane i samhandling med omliggande helsetenester og kommunar. 
Stillinga inneber dagarbeid på kvardagar. Det er ikkje knytt vaktarbeid til stillinga.


Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og regionen, sjå https://www.visitalesund.com.
   


Arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling/ utarbeiding av faglege prosedyrar/ Undervisning
  • ådgivande funksjon ovanfor administrasjon og kommunalleiing
  • Opplæring/ oppfølging av nye leger/ LIS ved Ålesund lokalmedisinske senter
  • Samhandling/ koordinering med andre tenester i forhold til fagutvikling/ drift
  • Klage- og avvikshandtering og kvalitetsarbeid/ Saksbehandling og sakkyndigarbeid
  • Bakvaktsfunksjon på dagtid
  • 40 % klinisk arbeid

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i klinisk fag
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
  • Godt kjennskap til kommunehelsetenesta
  • Gode samarbeidsevner mellom profesjonar og mellom ulike behandlingsnivå
  • Høg fagleg interesse 
  • Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar
  • Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
  • Interesse for å vere med vidare i ein spennande utvikling
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team og sjølvstendig
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv fremtoning
  • God arbeidskapasitet 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Løysningsorientert, kunne handtere uforutsette situasjonar
  • Kunne arbeide i tråd med yrkesetiske retningslinjer for leger

Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelige arbeidskollegaer
  • Dagarbeid med fleksitidsordning
  • Spennande, varierende og utfordrende arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Legevakt
Kontaktpersoner
Navn: Alexander Olaf Drabløs Wiig
Tittel: Kommuneoverlege
E-post: Alexander.Olaf.Drablos.Wiig@alesund.kommune.no
Navn: Torfinn Strand Vingen
Tittel: Ass. kommunalsjef Helse
Telefon: 970 14 452
E-post: torfinn.vingen@alesund.kommune.no
Navn: Judit Molvær
Tittel: Avdelingleiar legevakt
Telefon: 951 56 812
E-post: judit.molvaer@alesund.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Overlege legevakt
Arbeidssted
Ålesund Interkommunale Legevakt
Åsesvingen 16
6017 ÅLESUND