Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er DU vår nye kollega?

Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidelsar. 

Ved døgnseksjonen akutt- og utgreiingseininga i Ålesund har vi ledig 100% vikariat som LIS-lege/lege før turnus. 

Vikariatet er ledig fra uke 35 og ut året, med mulighet for forlenging.

Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.  Døgnseksjonen er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund. 

Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. 
Vi tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg samansett miljøterapeutgruppe, har vi 2 overlegestillingar, 1 stilling for psykolog/psykologspesialist og 1 stilling for LIS. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Legen vil kunne delta i LIS-utdanning, og motta veiledning.

Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og omland, sjå https://www.visitalesund.com/   

Vi ber om at ev. attestar/tenestebevis  frå tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering
  • Fagleg utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Legen kan ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne dersom ønskelig

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført og bestått LIS1-tjeneste, eller turnustjeneste etter gammal ordning
  • Lege før turnus kan også søkje stillinga
  • Du må mestre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer, og fremstå som en trygg og kompetent voksen
  • Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Beate Olsbø Nilsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70106700
E-post: beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund