Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Arbeidsoppgåver
  • Kurativ legeteneste ved Voss legekontor
  • Ved gjenopning av utekontoret i Granvin kan deltaking i rotasjon hit verte aktuelt
  • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
  • Løypande oppgåver knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
  • Inntil ein dag i veka med deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad i tillegg til ordinære vakter ved Voss interkommunale legevakt.
 
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Innehar førarkort klasse B
  • Legen som tilsetjast må ha rett til å motta trygderefusjon
 
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen
 
Me tilbyr
Listetak på 1000 pasientar, med nedjustering av listelengde med 200 pasientar per arbeidsdag ved andre kommunale oppgåver
For ny eller uerfarne ALIS reknar me 160 pasientar per kurative dag
Om du allereie er spesialist eller er i spesialisering vil du oppleva eit godt kollegialt samhald, tverrfagleg samarbeid og trygge rammer
Voss er godkjent som utdanningsverksemd og kan tilby avtale for lege i spesialisering (ALIS-avtale), me tilbyr gode ALIS-forløp med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta
Gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing
 
Søknad
 Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
 
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Ingunn-Olin Haugen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 94136967
E-post: ingunn-olin.haugen@voss.herad.no
Arbeidssted
Voss legekontor
Gurid Almenningens Plass 1
5704 VOSS