Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Me har ledig 50% fast stilling som institusjonslege f.t ved Vetleflaten omsorgssenter, som har langtidspasientar. 
Ynskjer ein å arbeide meir enn 50 % er det mogleg å fylle opp veka med vakter på den interkommunale legevakta vår.  
 
Høyres dette bra ut? Då vil me veldig gjerne at akkurat du søkjar på vår ledige stilling som institusjonslegelege. 
Sjukeheimsmedisin er både spanande og krevjande med eit stadig meir komplekst sjukdomsbilete hjå pasientane. Etter arbeid kan du hoppa i fallskjerm, gå eller stå på ski, vera i naturen eller nytte deg av det rike kulturlivet ein finn på Voss og i regionen. 
Me vil leggje til rette for at den som ynskjer det, kan verte spesialist i Allmennmedisin. Institusjonsteneste kan gi teljande teneste med inntil 2,5 år i spesialiseringsløpet i allmennmedisin. 
Deltaking i legevaktsarbeid og legevakt om ynskjeleg, men elles ikkje påkrevd vaktarbeid. 
Om arbeidsplassen 
Voss herad har fleire institusjonar og Vetleflaten omsorgssenter har sjukeheimsdrift til langtidspasientar. Institusjonslegane vikarierer for kvarandre ved ferieavvikling, kursverksemd eller anna fråvær. 
  
Arbeidsoppgåver 
  • Overordna ansvar for å sikre legetenester av god kvalitet på sjukeheimen
  • Undersøking, diagnostikk, behandling og oppfylgjing av sjukeheimsbebuarar
  • Samtaler med bebuarar/pasientar og pårørande 
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Legemiddelgjennomgang 
  • Internundervisning og veiledning 
  •  Veiledning av LIS1- legar som tenestgjer ved sjukeheimen 
  
Kvalifikasjonar 
  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Det er ein fordel om du er spesialist i allmennmedisin, nærmar deg dette, eller har ein relevant sjukehusspesialitet (for eksempel indremedisin inkl. greinspesialiteter) 
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg 
 
Personlege eigenskapar 
  • Interesse for sjukeheimsmedisin og fagutvikling 
  • Evner å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team 
  • Gode evner til samhandling og kommunikasjon 
  • Ansvarleg og løysingsorientert 
  • Fleksibel og utviklingsorientert 
  
Personlege eigenskapar vert vektlagt i prosessen. 
 
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga. 
  
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. 
Ynskjer du høgare stillingsprosent kan me tilby legevakter  ved vår interkommunale legevakt i tillegg. 
  
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Ingunn-Olin Haugen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 94136967
E-post: ingunn-olin.haugen@voss.herad.no
Arbeidssted
Vetleflaten omsorgssenter
Hardangervegen 49
5705 VOSS