Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du vår nye overlege innan medisinsk mikrobiologi? No styrkar vi teamet vårt og auker opp til 3 overlegestillingar. Vi søkjer deg som har interesse for fagutvikling og teamarbeid. Legar under siste del av spesialisering er oppmoda til å vise interesse.

Medisinsk mikrobiologi er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Medisinsk mikrobiologi flytta i 2021 inn i nye og moderne lokaler, og er ein triveleg arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø og totalt 10 bioingeniørar, samt 2 overlegar pr dags dato. Vi har tatt i bruk ny avansert teknologi med stor grad av automasjon og digitale løsninger, og er i stadig utvikling.

Haugesund er ein by du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing.

Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane.

Arbeidsoppgåver

  • Medisinskfaglege oppgåver innan medisinsk mikrobiologi
  • I dag er hovudsakleg driftsoppgåvene knytt til bakteriologi  og molekylærbiologi
  • Den som blir tilsett må i tillegg rekne å delta i planlegging av og gjennomføring av driftsoppgåver knytt til nytt tenestetilbod, nye metodar og nytt utstyr

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning i medisinsk mikrobiologi innan dato for tiltreding
  • Søkjar må ha relevant sjukehuserfaring
  • Søkjar må beherske norsk eller skandinavisk, skriftleg og munnleg, på høgt nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:  

  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • har gode samarbeidsevner
  • høg arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø i utvikling og som blir satsa på i dei åra som kjem
  • Samarbeid med klinikarar og andre fagspesialistar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

 

Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Rita Danielsen Tyse
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 53491094
Navn: Tiril Knutsen
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: +47 53491094
E-post: tiril.knutsen@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk mikrobiologi, Helse Fonna HF
Karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen