Har du erfaring med sjøfartsmedisin eller medisinsk seleksjon? Kunne du tenke deg en jobb i skjeringspunktet mellom helse og sikkerhet til sjøs som vår nye medisinske fagekspert i Fagnemnda for helsesaker? Vi lyser ut 100% stilling som lege i maritim medisin og fagansvarleg for seleksjonsmedisin ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM).
NSMDM er eit nasjonalt kompetansemiljø ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Våre aktivitetar inkluderer den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico, seleksjonsmedisinske utgreiingar, undervisning , rådgjeving, regelverksarbeid, forsking og fleire innovasjonsprosjekt. Vi jobbar tett med mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret, Redningstenesta, Kystverket og Universitetet i Bergen, og med fleire offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa. Senteret har eit sterkt fagmiljø innan seleksjonsmedisin, med fleire pågåande forskings- og fagutviklingsprosjekt.
NSMDM leiar Fagnemnda for helsesaker i Sjøfartsdirektoratet. Nemnda er satt saman av representantar frå Sjøfartsdirektoratet, dei maritime arbeidstakarorganisasjonane og NSMDM. Nemda behandlar dispensasjonar og klager på helseerklæringar til sjøfolk skrevet ut av norske sjømannsleger i året. Omfanget er på mellom 70 og 100 saker i året. Det er for tida to saksbehandlarar frå NSMDM tilknyta saksutgreiinga. Som fagansvarleg for seleksjonsmedisin vil du ivareta det faglege ansvaret for vedtaka, veilede dei øvrige saksbehandlarane og få ansvar for å vidareutvikle tenesta og faget.
Besøk gjerne nettsidene våre for meir informasjon (www.nsmdm.no).
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.