Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.


Ønskjer du å bli vår nye kollega? Her ved BUP Molde kan vi tilby meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.

Vi har ledig både fast stilling og vikariat for lege i spesialisering og kan tilby vikariat for legar uten turnus, frå snarast. Oppstartsdato etter nærare avtale med seksjonsleiar. 
Vi søkjer lege som er nysgjerrig på korleis det er å jobbe innan barne- og ungdomspsykiatrien. Eit vikariat ved BUP kan spesielt vere egna for legar som ikkje har fått tilbod om LIS1-stilling men som ønskjer å lære meir om ein av dei medisinske disiplinane som mange leger tenkjer dei veit mindre om, men  gjerne skulle kunne meir om. 

BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. BUP Molde har ei stabil og god bemanning av overlegar og kan gi LIS-legane god oppfølging, undervisning og rettleiing. Det blir underteikna ein individuell utdanningsplan ved tilsetting.
Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, nevroteam og akutt/ambulant team. Vi tilbyr i tillegg  spesialiserte behandling som til dømes FBT, TF-CBT, PEF og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve.

Om du søkjer både på fast og vikariat stilllinga, ber vi om at du skriv det i søknaden. Attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad.

Etter jobb kan du nyte byen, naturen og kulturen:
Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, segling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og restaurantar. Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.fjordnorway.com/no/attraksjoner/molde 
 

Arbeidsoppgåver

  • Som lege i spesialisering vil du ha varierte arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som trengs for å bli ein god spesialist
  • Sentrale arbeidsoppgåver er utgreiing, medisinering, terapi, rettleiing av føresette og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Legar utan LIS 1, kan søkje på midlertidig stilling
  • Svært gode norskkunnskapar (ev. svensk eller dansk) både skriftleg og munnleg
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram godkjent politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell §20 a

Personlege eigenskapar

  • Du bør ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Vi ønsker oss ein tilsett som vil bidra i seksjonen si fag- og organisasjonsutvikling
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eiga arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Vekeleg rettleiing av spesialist
  • Strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning
  • Individuell utdanningsplan ved tilsetting
  • Vanleg dagarbeidstid 0800 -1600.
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kristin Silseth
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 41635875
E-post: kristin.silseth@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedvegen 12
6416 Molde