Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig 100 % fast stilling for overlege/psykiater ved Ambulante tenester allmenn, psykisk helse DPS Ålesund.

Stillinga inngår i eit arbeidsfellesskap saman med andre psykiaterar, psykologspesialistar, spesialsjukepleiarar med fleire.

Ambulante tenester allmenn er ein del av DPS Sunnmøre og har per i dag 24 behandlarstillingar. Vi gir tilbod om utgreiing og behandling i pasienten sitt heimemiljø. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga og legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande, fastlegar og andre kommunale tenester. Dei fleste pasientane får behandling over tid der dei bur.

Vi har kontor på Digerneset Næringsområde, i Ålesund kommune. Vi tilbyr ambulante tenester på Nordre Sunnmøre. Som ein del av distriktspsykiatrien reiser vi rundt frå Geiranger i sør til Ona i nord. Seksjonen har to team som dekker kvar sitt geografiske område som til saman omfattar vel 100.000 innbyggarar fordelt på sju kommunar.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
  • Rettleiing og supervisjon av LIS
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid
  • Deltaking i bakvaktordning etter behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri eller rus- og avhengighetsmedisin
  • God norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon
  • Du har gode evner til etablering av terapeutiske relasjonar
  • Du er innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasienten sitt beste
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
  • Du har ei fleksibel haldning

Vi tilbyr

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Eit fagmiljø med engasjerte og trivelege medarbeidarar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg etter tariff
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ronald Longva
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 70173190
E-post: Ronald.Longva@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ambulante tenester allmenn, psykisk helse, DPS Ålesund Helse Møre og Romsdal HF
Digerneset Næringspark
6260 Skodje