Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du psykiater, eller snart ferdig med spesialiseringa, og på utkikk etter nye utfordringar? Då kan det vere verdt å stoppe opp her!

Vihar ledig stilling som overlege/ psykiater ved Avdeling for sykehuspsykiatri Sunnmøre - Seksjon for Akutt psykisk helse frå snarast/startdato kan avtalast.

Seksjon Akutt psykisk helse Ålesund er delt i to team, Team A og Team B som samarbeider tett. Team A er psykiatrisk mottak ved Ålesund sjukehus og team B har en subakutt funksjon. Vi er no i ein prosess med å få samla Akuttpostane i ei eining og i nye lokaler, det vil då ikkje vere oppdelt i to team slik som det er per i dag. Det er utarbeida planar for korleis denne seksjonen skal vere. Vi går inn i en spennande prosess med å få samla fagmiljøet og bygge opp ei sterk akutteining her i avdelinga. 

 Seksjonen tilbyr oppstart av behandling i akutte fasar av alvorleg psykisk sjukdom. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld forøvrig 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Team A og Team B, som kvar har 6 senger, Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering. Akutt psykisk helse Ålesund har 4 overlegestillingar fordelt på de to teama. Team A, som denne stillinga er knytta til, har allereie ein svært dyktig overlege, men han treng no ein ny kollega.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering av mennesker i akutt krise
  • Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfaglig samarbeid
  • Individualterapi og pårørandesamtalar
  • Deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Du har godkjent norsk spesialitet innan psykiatri
  • Vi ynskjer ein psykiater med erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
  • Det er ynskjeleg at du har brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien
  • Du må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som er nytenkjande og endringsorientert
  • Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollega
  • Du er ein miljøskapar der det faglege- og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
  • Du er ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Du har evne til å tåle stress og stå i krevande situasjonar
  • Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø
  • Du har interesse for forbetringsarbeid/forskning innan akuttpsykiatri
  • Personlig eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Andreas Trædal
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: andreas.traedal@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillingen