Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

FMR poliklinikk, Førde sentralsjukehus (FSS) har ledig 100% vikariat for LIS fysikalsk medisin og rehabilitering.  Vikariatet er ledig fram til september 2025.

Har du lyst å vere med i ei fagleg og organisatorisk spanande tid som LIS i Fysikalsk medisin og rehablitering?

LIS stillinga er forankra i tverrfagleg poliklinikk, og sengepost som er i utvikling og opptrapping i samband med innflytting i nytt sjukehusbygg på seinsommaren. I poliklinikken har ein tett tverfagleg samarbeid med erfarne terapeutar innan fysioterapi, ergoterapi og sosionom. I pasientarbeidet har ein fokus på konkrete intervensjonar og funksjonsauke, og i tillegg samarbeid med NAV om Helse i Arbeid. Helse Førde sin smertepoliklinikk er samlokalisert med FMR poliklinikk der det også er erfaringsterapeut og psykolog. Fysikalsk medisin og rehabilitering som fagfelt er attraktivt ved at det famnar vidt med stor breidde og gir verdfull læring og erfaring for høgfrekvente og til dels krevjande problemstillingar. 

I avdelinga har vi siste åra hatt fleire innovative prosjekt som har vunne fram i nasjonale tildelingar, utmerkingar og positiv medieomtale. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi, forsking og akademia, og trivelege kollegar og godt arbeidsmiljø har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort. Vi har til saman fire legestillingar. Vi har 180% overlege og to LIS i sidepraksis og foreldrepermisjon.

Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. Sunnfjord har for øvrig eit rikt og variert næringsliv med gode arbeids og karieremoglegheiter.  

Oppstart stilling: etter nærare avtale 

Arbeidsoppgåver

  • Ordinært klinisk pasientarbeid 
  • Deltaking i fagleg utvikling
  • Samarbeid internt og eksternt 
  • Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling
  • Ikkje vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Interesse for samansette muskel- og skjelettplager, smerter, arbeidsretta rehabilitering og tverrproffesjonelt arbeid er ønskjeleg
  • Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter 

Utdanningsretning 

  • LIS - godkjent del 1 av spesialistutdanninga

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
  • Ønskje om å bidra til å vidareutvikle kompetansen og tilbodet i eigen seksjon
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med varierte oppgåver i riktig omfang
  • Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Helse Førde kan vere behelpeleg med å skaffe bustad nær sjukehuset

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Are Mikael Lillebø
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 988 52 113
Navn: Stig Igland
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 906 32 871
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen