Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet? Samtidig ha ei "snill vaktordning"? Då må du søke denne stillinga!

Vi har ledig eit års vikariat for Lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med oppstart 1. september, eller etter avtale.

Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som tilhøyrer Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 24 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppene som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/ eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/ sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner.

Seksjonen yter også ambulante tjenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til disse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk
medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team både sengepost og poliklinikk.

Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid
  • Poliklinisk arbeid
  • Det er forventa at en deltek i seksjonen si vaktordning
  • LIS har vakt for tiden kvar 6. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 - 21.00, og i helg frå 09.00 – 14.00.                                                                   Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og påske.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, og gjerne erfaring med både sengepost og poliklinisk arbeid
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Søkarar som ikkje har fullført LIS1 kan også vurderast

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
  • Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte team
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tett samarbeide med andre faggrupper
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Sosiale aktiviteter med blant annet felles treningsgruppe som har treninger ein gang i veka på sommeren. Felles fjellturer i våre fine omgivelser er også ein populær aktivitet
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar 
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Ålesund sjukehus ligg omkransa av majestetiske fjell og innbydande fjorder og du kan oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Byen Ålesund er kåra til ein av dei vakraste byane i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Les meir om Ålesund og omland her.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Hanne Svejstrup Elde
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 41248018
E-post: hanne.svejstrup.elde@helse-mr.no
Navn: Ingvild Rostad Kjeldberg
Tittel: Seksjonsoverlege fysikalsk medisin
Telefon: 70105749
E-post: ingvild.kjeldberg@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk fysikalsk medisin og nevropsykologi, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund