Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Gastrokirurgisk avdeling, har 1-2 faste stillingar for LIS 2 og 1-2 faste stillinger for LIS 3 i gastrokirurgi med oppstart
1. september, eller etter avtale.

Gastrokirurgisk avdeling har regionsfunksjon for øsofagus- og ventrikkelcancer, sentralisert funksjon for pancreas- og leverkirurgi. Innen Cololorectal profilområde er det et spesifikt fokus på rektumcanser, avansert coloncancer og inflammatoriske tarmsjukdomar, i tillegg bekkenbunnsincufficiens med særskild vekt på proktologi. Avdelinga deltar også i den mulitidisiplinære behandlinga av pasientar i sarkomgruppa.

ØH-pasientane blir også behandla i Mottaksklinikken og gastrokirurgiske legar har ei viktig rolle der. Legar i spesialisering deltar i rotasjon med tilstadesvakt. Det er for tida seks vaktsjikt for kirurgisk klinikk; LIS 1, samt fem sjikt for fagspesifikk lege i spesialisering. Gastrokirurgisk avdeling har to vaktlag; eit med erfarne LIS 3 (minst 4 års erfaring) og eit vaktlag med LIS 2 (mindre enn 4 års erfaring). Vi søker etter 1-2 LIS i kvart av vaktlaga. LIS 3 fungerer óg som leiar for traumeteamet, LIS 2 som undersøkande kirurg. Haukeland universitetssjukehus er regionalt traumesenter for Helseregion Vest og har nasjonalt brannskadesenter. Tenesta som teamleiar gir tellande teneste for kompetanseområdet traumekirurgi. Haukeland universitetssjukehus tek imot om lag 500 multitraumepasientar årleg, der om lag 30% er livstruande skadd (ISS > 15).

I arbeidet som LIS inngår visitt, administrative legeoppgåver, poliklinikk og operasjonar. Undervisning, forsking og forbetring er viktige oppgåver i avdelinga. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg.

Kirurgisk klinikk har eit tilbod innan kirurgi til pasientar med alminnelege lidingar og til pasientar med meir kompliserte tilstandar. Pasientane våre kjem frå lokal- og regionalområdet i Helse Vest. Brannskadepasientar kjem frå heile landet.

Det er 5 avdelingar i Kirurgisk klinikk:
Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi
Avdeling for gastrokirurgi
Avdeling for karkirurgi
Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
Avdeling for urologi

For fast stilling gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i gastrokirurgi. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i den til eikvar tid gjeldande vaktordning
  • Ein viser for øvrig til utdanningsplan

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3-stilling i gastrokirurg
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Er ansvarsbevisst og pasientorientert
  • Kan prioriterenår situasjonen krev det
  • Har respekt for den enkelte pasient og kollega
  • Har gode kommunikasjonseevner
  • Er løysingsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er lojal og trivast med tverrfagleg teamarbeid
  • Må trivast i eit aktivt miljø med høgt volum av pasientar
  • Har eit sterkt ønskje vedvarande utvikling, både personleg og for avdelinga

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode moglegheiter for å få fylt operasjonslista for deg som har noko kirurgisk erfaring/god operasjonsteknisk praksis
  • Høgt fagleg nivå med moglegheiter for forsking
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sjukehuset har 4 barnehagar og moglegheiter for sjukehusbustad
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Thomas Geisner
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 95217532
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for Gastrokirurgi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen