Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Haukeland universitetssjukehus søker etter ein eller to erfarne legespesialistar med interesse for å utvikle sjukehusa gjennom å understøtte forsking og innovasjon.  

Tilsettinga er i Seksjon for forsking og innovasjon ved Forskings- og utviklingsavdelinga, som har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og for innovasjon innan Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 65 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning. Vi har ansvar for Regionalt kompetansemiljø for klinisk forsking, legg til rette for regionalt samarbeid om forskning, tilbyr regional forskingsstøtte til kliniske studiar, har ansvar for Regionalt kompetansemiljø for metodevurderingar, har leiande rolle i felles nasjonale forskingsadministrative system, og har leiande rolle i oppfølging av nasjonale tenester i spesialisthelsetenesta. 

Forskings- og utviklingsavdelinga sitt oppdrag er å støtte opp under pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og innovasjon. I tillegg bidrar vi til opplæring av pasientar, pårørande og tilsette. Avdelinga blir leia av fagdirektøren, og har seks seksjonar, og Seksjon for forsking og innovasjon er den største. Det er godt samarbeid mellom seksjonane i avdelinga. Vi vil no styrke arbeidet med forskingsrådgiving og søker etter ein eller to legespesialistar som kan bidra i tilrettelegging for forsking i dei kliniske einingane, til å bidra i utgreiingar og til å leie lokale, regionale og nasjonale nettverk, utval og komitear. 

Vi søker etter to legespesialistar i 20-50% for å understøtte forsking og innovasjon, og bidra til å utvikle helsetenesta gjennom forsking og innovasjon, lokalt, regionalt og nasjonalt. Aktuelle arbeidsoppgåver er lista under. Dei ulike stillingane kan ha ulike kombinasjonar av oppgåver, avhengig av kvalifikasjonar og interesse. Skriv meir i søknaden om kva du er interessert i og har kompetanse på.  

Arbeidsoppgåver

  • Opplæring, rådgiving og støttefunksjon for forskingsetikk, -administrasjon og -styring 
  • Utgreiingsarbeid, systemrevisjonar, strategi- og planarbeid 
  • Støtte forskingssjef og fagdirektør i saker som dreier deg om klinisk forsking og forskingsetikk 
  • Bidra i det forskingsetiske arbeidet lokalt og regionalt 
  • Bidra til samarbeidet mellom sjukehuset og universitets- og høgskulemiljøa lokalt og regionalt 
  • Representere sjukehusa i ulike regionale og nasjonale fora, eventuelt leie slike fora 
  • Støtte forskingssjef og fagdirektør i saker som dreier deg om klinisk forsking 
  • Ved behov kunne utføre andre oppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon 

Kvalifikasjonar

  • Spesialistgodkjenning i relevant spesialitet, og erfaring frå arbeid i universitetssjukehus 
  • Erfaring frå klinisk forsking i sjukehus, avlagt doktorgrad (Dr. med eller ph.d.) 
  • Erfaring frå administrativt arbeid er ønskeleg 
  • God formuleringsevne munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar er viktige og vil bli lagt vekt på. 

  • Kan arbeide sjølvstendig, målretta og systematisk 
  • Kan lytte til og samarbeide med andre, på tvers av fag og einingar 
  • Positiv haldning til å tileigne og dele kunnskap 

Vi tilbyr

  • Fast stilling med meiningsfylte og utfordrande oppgåver 
  • Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø i trivelege lokale på haukelandsområdet 
  • Fagleg utvikling 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning 

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Vibeke Vold
Tittel: Forskingssjef
Telefon: 90013289
E-post: vibeke.vold@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Forskings- og utviklingsavdelinga/ FoU, Seksjon for forsking og innovasjon, Helse Bergen
Jonas Lies vei 68
5053 Bergen