Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus har ledig 12 månaders vikariat for LIS frå 01.09.2024.
Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus har ei fødeavdeling med 850-900 fødslar per år. Stor aktivitet på gynekologisk poliklinikk, fødepoliklinikk og operasjon. Behandling av gynekologisk kreft i samråd med HUS. Ved lokalsjukehusa på Eid og Lærdal har ein God start einingar med barsel- og poliklinisk tilbod.
Tilstadevakt av LIS- og overlege. LIS-lege går 6-7-delt rullerande tenesteplan, 6-7-delt vakt.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.