Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Me har ledig 
Ynskjer du å jobbe som fastlege i ei bygd med fantastiske mogelegheiter for friluftsliv på fjell eller fjord?
Søk då på vår ledige stilling ved Vik legekontor som fastlege i 100 % fast stilling. Me har også ledig eit vikariat som fastlege i 100 % stilling. Begge stillingane er ledig frå september 2024.
 
Vik legekontor er kommunalt drifta, godt utstyrt og bemanna med erfarne og stabile legar og helsepersonell.
Legekontoret har p.t. 5 fastlegar og ein LIS1-stilling. Vik kommune er godkjend som utdanningsverksemd for spesialisering i allmennmedisin, og tilbyr rettleiing og supervisjon på legekontoret. 
 
Stillinga er for tida ikkje tildelt andre offentlege allmennlegeoppgåver i kommunen, men dette kan bli aktuelt (jf. Forskrift om fastlegeordning i kommunane). Det er i utgangspunktet ikkje definert listelengde for stillinga, det blir me einige om ved tilsetjing.
Vikariatet er delt med 80 % som fastlege og 20 % som tilsynslege ved Vik Bygde- og sjukeheim. Listetak er på 600 pasientar.  

Arbeidsoppgåver
- Allmennpraksis
- Deltaking i legevakt
- Offentlege allmennlegeoppgåver etter avtale
- Kollegial fråværsdekning innad på legekontoret i ferie og anna fråvær
 
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som lege
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
 
Personleg eigenskapar
Ved tilsetjing vil ein legge vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevne.
 
Me tilbyr
- Fastløn eller løn etter avtale
- Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
- Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fridagar som kompensasjon for vaktordning
- Godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
 
Andre opplysningar
Søkjaren må ha førarkort for bil.
Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.
Kommunen vil hjelpe til med å skaffe bustad.
 
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vik kommune
Kontaktperson
Navn: Hilde Tenold
Tittel: Tenesteleiar helse og rehabilitering
Telefon: 93454223
E-post: hilde.tenold@vik.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Vik legekontor
Helsetunet
6893 VIK I SOGN