Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Giske kommune har ledig fastlegeheimel med listestorleiek om lag 750 med oppstart frå 01.10.2024 eller etter avtale.

I tillegg har vi ledig eit vikariat for fastlege med listestorleik 960. Vikariatet er ledig i 6 mnd, med moglegheit for forlenging. Vikariatet er ledig frå 01.09.2024, eller etter avtale.

Oppgi i søknaden om du er aktuell for begge stillingane, eller kun den eine. 

Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.

Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett dagleg leiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av eit kommunalt eigd aksjeselskap, Giske kommunale legesenter AS. Legen inngår leigeavtale med driftsselskapet.

Det er per i dag ikkje knytt kommunal deltidsstilling til nokon av desse fastlegeheimlane, men moglegheit for å inngå avtale om 10-20 % stilling som tilsynslege ved sjukeheim.

Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Kvinnelege legar blir oppfordra til å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i legevakt.

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og samarbeid.
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.
  •  
  • Andre opplysningar:
  • Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
  • Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Giske kommune
Kontaktpersoner
Navn: Gretha Giske
Tittel: einingsleiar
Telefon: +47 97028234
Navn: Anne-Line Sommerdalen
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: 93462221
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barn, familie og helse, Giske kommune
Ytterland 1
6050 Valderøya