Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig vikariat som LIS 2 i gastrokirurgi frå 1. september.

Gastrokirurgisk avdeling ved Haugesund sjukehus tilbyr no eit vikariat for eit år, med moglegheit for fleksibel oppstart etter avtale.
Avdelinga er ein del av kirurgisk klinikk. Her vil du få erfaring med alt frå poliklinisk arbeid og dagkirurgi til intensiv virksomhet etter operasjonar, samt palliativ behandling og sengepostvirksomhet.

Innad i avdelinga har vi eit godt fagmiljø som fokuserer på å tilby pasientar og brukarar tenester på eit høgt nivå.

Arbeidsoppgåver

  • LIS II  går for tida i 9-delt tilstedevakt  med ansvar for bløtdelskirurgi 
  • Deltaking i drift ved sengepost, gjeldende vaktordning, poliklinikk og operasjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad
  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå sjukehus
  • Krav om gjennomført Lis 1 tjeneste
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 
  • Faglege kvalifikasjonar, operative ferdigheter, arbeidskapasitet og gode samarbeids- og kommunikasjonsevne blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har interesse for faget
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • er sjølvstendig
  • har god faglig vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • er ansvarsbevisst

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Fredrik Gaustad
Tittel: klinikk overlege
Telefon: 90886936
E-post: fredrik.gaustad@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Gastrokirurgisk avdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND