Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Hudavdelinga i Helse Førde har frå 01.10.2024 - 31.03.2025 ledig vikariatstilling som LIS 3.

Hudavdelinga består av 5 poliklinikkar fordelt på ulike lokalisasjonar i det geografiske området Sogn og Fjordane. Poliklinikkane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, Indre Sogn Psykiatrisenter i Sogndal og Sunnfjord Medisinske Senter (SMS) i Florø. Den største poliklinikken
er ved Førde sentralsjukehus og dette er hovudarbeidsstad.

Alle einingane driv lysbehandling, og dei desentraliserte poliklinikkane ved Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus har legedagar to dagar per månad. Avdelinga har og
eigen telemedisinsk poliklinikk i Audnedal. Avdelinga har per no 2,4 overlegar og 3 LIS 3. Les meir om Helse Førde HF.

Her kan du lese om Førde som plass å arbeide og busetje seg i: Sunnfjord kommune

Arbeidsoppgåver

  • Hudavdelinga i Helse Førde har spesialisthelsetenesteansvar for innbyggjarane i det geografiske området Sogn og Fjordane innan fagområdet hud- og veneriske sjukdommar.
  • Arbeidsoppgåver er til dømes utgreiing og behandling av ulike maligne og premaligne tilstandar i huda, psoriasis, eksem, allergologiske utgreiingar, sårbehandling, mindre kirurgiske inngrep m.m.
  • Avdelinga brukar videokonsultasjonar der dette er teneleg. Alle einingane driv lysbehandling.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Stillinga krev evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Du handsamar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
  • Du er målretta, arbeidsvillig og får oppgåvene gjort
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Må ha gode samarbeidsevner, ha positiv innstilling og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Legar får avtale om utvida arbeidstid ved deltaking i arbeid ved utepoliklinikkane
  • Tett samarbeid med dei andre legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehage
  • Gode oppvekstvilkår for born
  • Flott natur med fjord og fjell og svært gode tilhøve for friluftsliv
  • Førde har og eit rikt tilbod innan kultur, fritidstilbod og handelsnæring

 

Mangfaldserklæring 
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingvild Sunniva Helgheim Hatten
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 977 84 999
Navn: Trude Lindesteg
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+479 578 31 344
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Hud avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde