Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Bergen har ledig 100% fast stilling og søker etter ein dyktig bedriftslege som ønsker å bruke sin erfaring og kunnskap i eit fagmiljø som prioriterer førebygging. Som tilsett hos oss kan du bidra til å skape eit trygt og helsefremmande arbeidsliv. 

Stillinga er fagleg spennande, utfordrande og  med eit stort fagleg ansvar

  • Du vil arbeide med mange og ulike former for eksponeringer, særleg emosjonell belastning
  • Den har varierte oppgåver opp mot mange ulike grupper av tilsette
  • Som bedriftslege vil du i samarbeid med smittevernpersonell arbeide med mye smittevernfaglege problemstillingar
  • Moglegheit for delt stilling med 50% i bedriftshelsetenesta og 50% ved Yrkesmedisinsk avdeling


Kort om Bedriftshelsetenesta:

Bedriftshelsetenesta (BHT) bistår Helse Bergen i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset. BHT er ein fagkyndig og rådgivande teneste innan førebyggande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Vi er ei tverrfagleg samansett gruppe som ivaretar områda innanfor: arbeidsmedisin, fysisk og kjemisk arbeidsmiljø, psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø, smittevern for tilsette, ergonomi og systematisk HMS-arbeid. BHT har for tida ni medarbeidarar beståande av, bedriftsjordmor, bedriftssjukepleiarar, bedriftsfysioterapeutar og yrkeshygienikar. BHT er del av Personal- og organisasjonsavdelinga der over 70 kollegaer tilbyr rådgiving og utviklingsstøtte på heile HR-området.

Bedriftshelsetenesta er lokalisert samen med, og har eit fagleg samarbeid med Yrkesmedisinsk avdeling. Bedriftslegen vil også ha eit fagleg nettverk med andre profesjonar ved sjukehuset, og med bedriftslegene i dei andre føretaka i Helse Vest.

Arbeidsoppgåver

  • Førebygge og følge opp arbeidsrelaterte helseplagar (sjukdommar og skadar)
  • Støttesamtalar med tilsette
  • Gi råd om nærværsfremmande tiltak på individ- og gruppenivå
  • Rådgjeving og oppfølging av sjukefråvær
  • Rådgjeving og opplæring til einingar innan arbeidshelse og systematisk HMS
  • Deltaking i eller leiing av relevante prosjekt
  • Utarbeiding og vidareutvikling av rutinar og metodar for kartlegging, evaluering og intervensjon knytt til uheldige arbeidsmiljøtilhøve
  • Bedriftslege skal sjå til at det medisinske arbeidet i Bedriftshelsetenesta er i tråd med faglege reglar og normer
  • Deltakelse i arbeidsmiljøutval
  • Smittevern og yrkesvaksinasjon
  • Målretta helsekontrollar

Kvalifikasjonar

  • Vi søker fortrinnsvis etter lege som er spesialist eller er under spesialisering i arbeidsmedisin, men anna erfaring frå arbeidsmedisin er og relevant
  • Norsk autorisasjon som lege og godkjend turnusteneste/LIS 1
  • Ha grunnkompetanse og interesse innan førebyggande arbeidsmiljøarbeid
  • Vera kjend med arbeidshelse i tilknyting til døgnkontinuerlege arbeidstidsordningar
  • Ein fordel med erfaring frå store og komplekse organisasjonar, gjerne innan spesialisthelsetenesta
  • Ha kjennskap til arbeidsmiljølova inkludert forskrifter og anna relevant lovverk
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Kjenne til bruk av helsejournal og handeting av avvik
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg/i team

Personlege eigenskapar

  • Du samarbeider godt med andre og har gode kommunikasjonsevner
  • Du arbeider systematisk, analytisk, nøyaktig, målretta og har god gjennomføringsevne
  • Du er serviceinnstilt, fleksibel og omgjengeleg
  • Du jobber sjølvstendig og tar ansvar for at jobben blir gjort
  • Du har ein positiv haldning til å tileigne deg og dele kunnskap

Vi tilbyr

  • Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg tverrfagleg kompetanse
  • Ei viktig rolle på ein arbeidsplass med eit stort samfunnsoppdrag
  • Fleksibel arbeidstid
  • Konkurransedyktig lønn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Leif Johnsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 91567104
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bedriftshelsetenesta, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen