Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vil du vere vikar som fastlege og jobbe ved vårt veletablerte legekontor saman med fleire dyktige fastlegar og sjukepleiarar?

Har du lyst å vikariere som fastlege i 8,2- avtale ved legekontoret i Hjelmeland kommune i Rogaland?
Vi kan tilby ein spanande jobb med lite administrasjon, erfarne og effektive sjukepleiarar som står klar for å hjelpe, varierte og overkommelege arbeidskvardagar og gode økonomiske vilkår.

Hjelmeland kommune har ledig vikariat i fastlegeheimel ved Hjelmeland legekontor.
Heimelen har ei pasientliste på ca 900. 

Vikariatet er frå 01.09.2024 og fram til 31.01.2025. 
Det er tre fastlegar, alle under spesialisering i allmennmedisin, og ein LIS 1- lege ved legekontoret.

Legekontoret er veldrevet, har fullt laboratorium og er bemanna med dyktige og erfarne sjukepleiarar samt kontormedarbeidar. Kommunen står for drifta av legekontoret. Den enkelt fastlege har inngått fastlegeavtale med kommunen. Basistilskot vert utbetalt til heimelsinnehavaren, og ein avtalar ein gunstig kompensasjon for leige av kontor og drift.

Legekontoret brukar EPJ systemet Infodoc Plenarios.

Lokalet er nyoppussa og moderne, og ligg i Helsehuset midt i Hjelmeland sentrum.

Helsehuset er og lokale for Helsestasjon, Fysioterapiavdelinga, Barnevern, avdeling Psykisk helse, Tilrettelagte tenester, Tannlegekontor og Nav. Det er eit godt etablert tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike avdelingane i Helsehuset.

Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, fastlegeforskrifta og annan relevant helselovgiving, på dei vilkår som går fram av ASA 4310, samt lokale føringar gitt av kommunen. Tildelinga av avtaleheimel vil skje på dei vilkår som går fram av ASA 4310. 

Ansvar og arbeidsoppgåver
- klinisk praksis på heimelsinnehavars liste med full refusjonsrett på kommunalt drive kontor, ordinær arbeidstid
   frå 08.00 - 15.30, fem dagar i veka, samt kollegial fråværsdekning
- 20% kommunal stilling som tilsynslege ved kommunens korttidsavdeling
- vegleiing av LIS 1- lege som inngår i kvardagen på legekontoret
- legevakt på dagtid, der vaktbelastning blir fordelt på alle legane i kommunen
- legevaktsarbeid utanom ordinær arbeidstid er i eit spannande interkommunalt samarbeid med Stavanger kommune (kommunedelane Finnøy og Rennesøy) og Kvitsøy kommune og utstrekt bruk av lege/ ambulansebåt. For tida 14 - delt vakt med god beredskapsgodtgjersle 

Kvalifikasjonar og vilkår
- den rette søkar må vere ferdig med LIS 1 tenesta innan oppstart
- det er krav om gyldig norsk legeautorisasjon 
- erfaring frå allmennmedisin og spesialisering i allmennmedisin vil bli vektlagt
- førarkort er nødvendig
- god kommunikasjonsevne på norsk (B2 nivå), svensk eller dansk
- personleg eignaheit vil bli vektlagt
- søkjar må ha gode samarbeidsevner med kollegaer og vera fleksibel og løysningsorientert 

Me tilbyr
- utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer
- ein god fastlegeavtale med lite administrative oppgåver
- gode lønnsvilkår samt pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- me kan vera behjelpelege med å skaffe husver

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune
Kontaktpersoner
Navn: Birgitte Elisabeth Vevatne
Telefon: 924 42 282
Navn: Camilla Haug Flem
Telefon: 40439050
Arbeidssted
Prestagarden 13
4130 HJELMELAND