Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Medisinsk klinikk på Haugesund sjukehus omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi. Andre avdelingar i klinikken er akuttmottak,  barne- og ungdoms avdeling, Odda sjukehus, habilitering, lærings. og meistringssenter og eldremedisin. Klinikken er godkjend som utdanningavdeling for indremedisin, nyresjukdommar, kardiologi, lungesjukdommar, gastreentrologi, blodsjukdommar, endokrinologi og geriatri. 

Haugesund sjukehus har no ledig fast overlegestilling i endokrinologi, frå september 2024. Om det ikkje melder seg søkjarar som er/kan bli spesialist i endokrinologi, kan det vera aktuelt å tilsteja overlege i indremedisin.

Fagområdet endokrinologi er organisert i Medisin avdeling B, saman med infeksjon, blodsjukdommar og onkologi
Sengeposten har åtte sengeplasser til endokrinologi og infeksjon.

Det er høg aktivitet i poliklinikken og godt samarbeid med dyktige diabetessjukepleiarar og stort fokus på kompetanse vedkommande teknisk utstyr og pasientopplæring .I poliklinikken møter me, i tillegg til diabetes-pasientar, eit stort omfang av endokrinologiske problemstillingar..
Endokrinolog samarbeider med gynekolog ein dag pr veke, i felles poliklinikk ved Fødeavdeling, diabetes i svangerskap. Bistår også fotpoliklinikk x 1 pr uke
Pr no , har me ein LIS3 endokrinologi, og det er høve til fleire LIS3-stillingar. For øvrig har me pr no ein endokrinolog i 100% stilling, ein i delstilling 20%, og ein indremedisinar med lang erfaring og kompetanse i endokrinologi i 100% stilling.
Internundervisning endokrinologi føregår vekentleg, i tillegg til felles diabetesundervisning med diabetessjukepleiarar. Regelmessige MDT-møte felles i Helse Vest (Binyre og hyopoyfse)

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk teneste på sengepost og i poliklinikk.
  • Deltaking i felles indremedisinsk overlegevakt, for tida 12 delt, kan forhandlast eller individualiserast
  • Veiledning av LIS-leger og bidrag til internundervisning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autoriasjon som lege
  • Vi søkjer ein overlege som er godkjend spesialist i indremedisin og endokrinologi 
  • Legar som er i utdanning og kan få slik spesialistgodkjenning er velkomne til å søkje.
  • Gode muntlig-og skriftlig norskkunnskaper
  • Gode IKT-kunnskaper
  • Personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein overlege i endokrinologi som ønsker å arbeide tett på pasientane og utvikle faget i eit godt kollegialt miljø
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheter  
  • Fleksibel og arbeidsom

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå med dyktige medarbeidere
  • Legger til rette for og prioriterer forskning og utvikling
  • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Lise Bruntveit
Tittel: Avdelingsleiar - medisin avdeling B
Telefon: +47 99647391
Navn: Ida Kloster
Tittel: overlege
Telefon: 48140879
E-post: ida.kloster@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk avdeling B, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen