Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Ledige stillingar
Det er ledige vikariat for fastlege ved alle 3 legesentera i Sogndal kommune frå hausten 2024 med oppstart etter avtale i perioden september-oktober og varighet ca. 6 månader. God moglegheit for deg som vil prøve deg som ALIS.
 
Sogndal legesenter
har 12 fastlegar, 7 spesialistar og 5 i spesialisering, samt 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne legesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniørar. Svært godt fagleg og sosialt miljø. 2 ledige vikariat.
 
Leikanger legesenter
har 3 fastlegar, 1 spesialist og 2 i spesialisering, samt 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne sjukepleiarar og helsefagarbeidar. Svært godt fagleg og sosialt miljø. 2 ledige vikariat.
 
Balestrand legesenter
har 2 fastlegar, 1 spesialist og 1 i spesialisering. God bemanning av hjelpepersonell med erfaren sjukepleiar og helsefagarbeidar. Svært godt fagleg og sosialt miljø. 1 ledig vikariat
 
Me legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering. Me tilbyr fast rettleiar, hjelper med utdanningsplan, legg til rette for oppnåing av læringsmål og gir kompensasjon for fråvær for utdanning.
Kommunen eig og driv legesentera. Legane er sjølvstendig næringsdrivande med forsterka 8-2-avtale. Evt. fastlønnsavtale.
Legevakta er for tida 15-delt og dekkar ca. 12 000 innbyggjarar, inkludert ØHD. Heimevakt med legevaktlokale ved Sogndal legesenter. Me har legevaktbil og godt samarbeid med lokal ambulanse.
Legesentera er samlokalisert med mellom anna sjukeheim med ØHD, helsestasjon, fysioterapi og psykiatriteneste.
 
Arbeidsoppgåver:
  • Allmennmedisinske oppgåver som fastlege. Evt. kommunal bistilling som sjukeheimslege eller helsestasjonslege inntil 20%.
 
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1
  • Førarkort klasse B
 
Personlege eigenskapar:
  • Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg.
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling.
  • Gode evner til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Høg arbeidskapasitet.
 
Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar.
 
Sogndal kommune
Sogndal kommune har ca. 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Kommunen ligg ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for friluftsliv med alt frå topptur på ski til båtliv på fjorden. God kommunikasjon med eigen flyplass med direktefly til Oslo og Bergen.

Kommunen er vertsstad for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar, samt to vidaregåande skular og høgskulen på Vestlandet.

Kommunen har stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar og rikt tilbod innan idrett- og kultur.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Kontaktperson
Navn: Jan Ove Tryti
Tittel: tenesteleiar
E-post: jan.ove.tryti@sogndal.kommune.no
Arbeidssted
Balestrand-Leikanger-Sogndal
Skulevegen
6856 SOGNDAL