Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS søkjer etter overlege i psykiatri til å jobba saman med oss i eit spanande fagmiljø som er i utvikling.

Psykosepoliklinikken har eit eige utgreiingsteam som i hovudsak består av psykologar og legar, som skal sikra at pasientene blir tilbydd heilskapleg og evidensbasert utgreiing, med fokus på brei differensialdiagnostikk og tydeleg definert link mellom utgreiing, diagnose og behandlingstilbod. Av behandling tilbyr vi medikamentell behandling og psykoterapi /samtalebehandling. Vidare blir det gitt tilbod om familiearbeid, IMR - grupper, musikkterapi og livsmeistringsgrupper. Poliklinikken har òg eit
samarbeid med NAV der alle pasienter blir tilbodne Individuell jobbmeistring (IPS) som del av behandlinga.

Psykosepoliklinikken har implementert ACT - team saman med Haugesund kommune og er i ein prosjektperiode med middel frå Helsedirektoratet der poliklinikken kan tilby FACT oppfølging til dei resterande kommunane i opptaksområdet. Vi planlegger å lage eit tettare behandlingsforløp mellom post og poliklinikk og den som vert ansatt må beregne arbeid begge stader. I psykosepoliklinikken er vi òg i gang med eit kvalitetsbetringsprosjekt som vil føregå dei neste åra for å sikra tydelegare implementering av nasjonale føringar og god klinisk praksis i utgreiing og behandling av psykoselidingar. 

Haugaland DPS har eit robust fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering, og dessutan høgskuleutdanna med vidareutdanning. Vi gir eit breitt behandlingstilbod som famnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) og dessutan ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern. Haugaland DPS har sine lokasjoner i Kopervik og Haugesund og det må påreknas arbeid ved begge lokasjoner.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.
Les meir om klinikken på https://helse-fonna.no/avdelingar/klinikk-for-psykisk-helsevern.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Tverrfaglig klinisk arbeid i team
  • Rettleiing og internundervisning 
  • Moglegheit for deltaking i felles bakvaktsordning med Haugesund sykehus
  • Deltaking i samhandling med pårørande, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent spesialisering i psykiatri
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Strukturert
  • God kommunikasjonsevne
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt miljø med varierte utfordringar
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • En arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Kompetanseutvikling og vidareutdanning 
  • Mulighet for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling 
  • Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjer gi til kjenne dette i søknaden

Mangfoldserklæring:
Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spelle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonsevne og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom en har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderende rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Louise Sandve
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: +47 52732100
E-post: louise.sandve@helse-.fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Psykosepoliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Floravegen 75
5535 Haugesund
Søk på stillingen