Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset i Kristiansund. Vi søkjer etter vaktkompetent Lege i spesialisering innan barnesjukdomar, med oppstart frå snarast med eit års varigeit. Stillinga inneber arbeid i sengepost og poliklinikk for barn og unge på dagtid. Heimevakter på kveld/natt/helg.

Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Ein av barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar pr.år. Ein del av SNR vil bli nytt Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Her vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! 

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av ø-hjelps pasientar
  • Behandling og oppfølging av inneliggande pasientar
  • Deltaking i spesialiseringsløp
  • Dagbehandling og poliklinisk arbeid
  • Heimevakt på kveld/natt/ helg

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autoriasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Gode kunnskapar i norsk/nordisk språk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du har interesse for faget, og eit ønskje om å spesialisere deg innan barnemedisin

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. 

Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar? 
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.  Les meir om Molde og Romsdalen her!

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Siv Helen Kristoffersen
Tittel: Seksjonsleder
Telefon: 711 21 590
Hjemmeside
Arbeidssted
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillingen