Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om Helsenaustet legepraksis og fastlegelista
Helsenaustet legepraksis ligg i Frekhaug senter med gangavstand til  kollektivknutepunkt og hurtigbåtforbindelse til Bergen sentrum (ca. 20 minutter). Me søkjer no ein dyktig fastlege til å ta over ansvar for pasientlista. 

Det er for tida knytt ca 1070 pasientar til den ledig heimelen. Det er same fastlege som har hatt ansvar for lista sidan oppretting av fastlegeordninga i 2001.

Helsenaustet legepraksis er eit kontorfelleskap med 3 fastlegeheimlar, organisert som DA ( delt ansvar). Legane får utbetalt basistilskot etter § 8.1. Praksisen har tilsett hjelpepersonell i to årsverk.

Praksisen nyttar Infodoc Plenario journalsystem. Lokalene er gode og tenelige, har akuttrom med eigen inngang. Det er godt utstyrt laboratorium med spirometri, ekg og hurtigtestar. Legane har sjølv ansvar for lokaler, hjelpepersonell, drift og utstyr. Helsenaustet legepraksis har svært stabil legebemanning og det er innarbeida gode rutiner for samarbeid og drift.

For ALIS - legar (allmennlege i spesialisering): kommunen tilbyr forutsigbart utdanningsløp med rettleiing, supervisjon og læringsaktivitetar. Alver kommune er registrert utdanningsverksemd.

Om offentlege allmennmedisinsk arbeid og legevakt:
I Alver kommune har vi legevakt ved Nordhordland interkommunale legevakt som ligg lokalisert på Helsehuset i Knarvik. Vaktbelastninga for fastlegar som deltek er gjenomsnittleg to vakter i månaden på kveld, natt og helg,  betalt etter eigen timesats. Vi har tilsett eigne legar ved Nordhordland legevakt på natt, så det er mindre vaktbelastning på natt for fastlegane i kommunen. 

Dersom det er aktuelt med offentlig allmennmedisink arbeid ein dag i veka vil pasienttalet på lista kunne reduserast etter avtale jf. ASA 4310.

Alver kommune har  vedtatt plan for legetenesta for 2023 - 2026. Du kan lese meir om den her:  Plan for legetenesta i Alver kommune 


Arbeidsoppgåver
  • Arbeid som fastlege, med ei godt ivaretatt fastlegeliste med ca 1070 pasientar
  • Du må også kunne delta i gjensidig fråversdekning ved legekontoret
Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
  • Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis
Kven er du?
Vi søkjer etter ein ny lege som har gode samarbeidsevner og som bidrar i kollegafellesskapet. For oss er det viktig at du er ansvarleg, at du deltek, og er ryddig i forhold til drift av legepraksisen. Det er ansvarsfordeling av oppgåver mellom legane som og inkluderer arbeidsgiveransvar for tilsette på forkontoret. 

Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod.

Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av sentralt avtaleverk, ASA 4310.

Gode vilkår som sjølvstendig næringsdrivande. 

Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune, se video HER. 
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktpersoner
Navn: Erling Olav Rud
Tittel: Fastlege
Telefon: 41501047
E-post: erling.rud@alver.kommune.no
Navn: Tord Moltumyr
Tittel: Tenesteleiar Legetenesta Alver kommune
Telefon: 95118589
E-post: tord.moltumyr@alver.kommune.no
Arbeidssted
Havnevegen 3,
5918 FREKHAUG