Radiologisk avdeling Ålesund søkjer legar i spesialisering.
Vi har fleire kollegaer som er i Gruppe 1-teneste, og vi har no ledig 2 x 100 % fast stilling for lege i spesialisering innan radiologi. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetting, oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar. Intervju av søkjarar gjerast fortløpande.
Ved evt. intern tilsetting kan det bli ledige vikariatstillingar.
Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus har 20 legestillingar, der 8 er LIS og 12 er overlegar, og med eit stadig aukande behov for fleire radiologar.
Avdelinga har ein god kombinasjon av unge og erfarne overlegar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som liker faglege utfordringar, er lærevilleg og kan medverke positivt i legegruppa, både fagleg og sosialt.
Ålesund sjukehus er det mest differensierte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim, med vaktfunksjon innan dei fleste spesialitetar. Kreftavdelinga ved sjukehuset i Ålesund er den einaste i fylket. Barneavdelinga er den største i fylket og har og eigen nyføddintensiv. Ålesund sjukehus har helikopterbase og AMK har lokale inne i sjukehuset.
Hos oss får du dekka store deler av både 3a og 3b læringsmål innan spesialiteten radiologi. Som LIS i radiologi ved Ålesund Sykehus får du ein brei og solid fagleg base i spesialiseringsløpet! I tillegg til diagnostikk og intervensjonar på CT, MR, UL og konvensjonell røntgen har vi eige brystdiagnostisk senter der vi har samarbeid mellom radiologi og kirurgi. Vi har ein topp moderne angio-/intervensjonslab der det blir utført både generelle og avanserte intervensjonar (inkludert EVAR). I tillegg har avdelinga to legar og ein fysikar som driv aktivt med forskning, og det er gode høve for å søke forskningsmidlar frå helseforetaket.
Ålesund og områda rundt utgjer eit eldorado av fjell og sjø, og kan by på varierte opplevingar på fritida. Det kan vere toppturar på ski på vinterstid, eller til fots om sommaren. Sjøen ligg nært og kan by på fine opplevingar sentralt, men også i områda rundt Ålesund.
Byen har også eit rikt kulturliv å by på. Både innan musikk, teater og litteratur er det større årlege arrangement, både i byen og i områda rundt.
Flyplassen vår ligg sentralt, ca 25 min fra sjukehuset, og har fleire daglege avgangar til ulike destinasjonar, i både inn- og utland.
Sjå meir om byen og omland her: https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/alesund--geiranger