Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kinn kommune har ledig 1 fastlegeheimel som sjølvstendig næringsdrivande ved Legegruppa SMS i Florø. Heimelen er ledig for oppstart 01.09.2024. Vikaravtale eller innkjøp i Legegruppa SMS AS vil vere mogleg.   

Legekontoret har 16 faste heimlar, den eine som deleliste og 2 LIS1 knytt til kontoret. Alderssammensetninga blant legane på kontoret er mellom 30 - 60 år. Det er 10 legar som er spesialistar i allmennmedisin, dei andre er under spesialisering.  Listestorleik på fastlegeheimelen er 800 pasientar. 

Kontoret har tilsett legar og hjelpepersonell med lang erfaring og brei faglig kompetanse. ALIS avtale med rettleiing er tilgjengeleg ved behov. Hjelpepersonell på kontoret er tilsett på legekontoret.

Kontoret nyttar CGM EPJ og Convene betalingssystem.
Legekontoret er godt etablert i lyse og fine lokaler sentralt i Sunnfjord medisinske senter. Tal innbyggjarar som bur i Kinn kommune er ca 17200 . På Sunnfjord medisinske senter finner du også helsestasjon, barnevern, NAV, apotek, fysio- og ergoterapitenester med meir.  

Legevakt er lokalisert på Sunnfjord Medisinske Senter. Den er interkommunal og dekker Bremanger og Florø delen av Kinn kommune. 
For informasjon om Legegruppa SMS sjå http://legegruppa-sms.no/

For informasjon om Sunnfjord Medisinske senter sjå  https://sms-senteret.no/

Arbeidsoppgåver
  • Allmennlegeoppgåver.
  • Kommunal legevakt på Sunnfjord medisinske senter. 
    • 2 ØHD senger tilknytt Furuhaugane omsorgssenter
  • Tilplikting til kommunal bistilling etter gjeldande avtalar.
  • Fastlegepraksis 
  • Legekontoret har legevakt heile døgeret, vakt på kveld, natt og helg er heimevakt 

Kvalifikasjonar
  • Interesse for allmennmedisin.
  • Gyldig norsk autorisasjon.
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Ferdig med LIS 1- teneste og som har byrja på/ eller er ferdig med spesialiteten i allmennmedisin.

Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Pasienten i fokus
  • Bidrar til positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
  • Varierte fastlegeoppgåver.
  • Godt tverrfagleg samarbeid.
  • Fleksibilitet.
  • Ein framtidsretta arbeidsplass i utvikling.
  • Tilrettelegging for spesialistutdanning, ALIS - tilskot
  • Lønn for offentlig arbeid etter lokal særavtale
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kinn kommune
Kontaktpersoner
Navn: Jan Helge Dale
Tittel: Dagleg leiar Legegruppa SMS
Telefon: 90728004
E-post: jan.helge.dale@kinn.kommune.no
Navn: Kjell-Arne Nordgård
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 41459620
E-post: kjell-arne,nordgard@kinn.kommune.no
Arbeidssted
Hans Blomgate 39
6900 FLORØ
Søk på stillingen