Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du lyst til å bli ortoped? 

Vi vil utdanne fleire spesialistar i ortopedi, og lyser ut ein stilling for søkar både med og utan erfaring i ortopedi. Vi har høgt volum på dei fleste oropediske behandlingar og mange dyktige kollegaer. Vi har derfor dei beste føresetnader for å utdanne gode ortopedar. Vi satsar på høg kvalitet i utdanninga og at våre LIS-legar skal trivast i faget.

Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus har 5 seksjonar; traume, rygg/tumor, protese, ortopediske infeksjonar og barn. Avdelinga drifter 7 operasjonsstover dagleg, derav 2 stover/dag er reservert øyeblikkelig hjelp og 2 stover er dagkirurgi.

Avdelinga har 12 LIS-3 som roterer i arbeidsplanen 2 gonger i året. I løpet av utdanninga skal LIS-3 rotere innom fagområda protese, overekstremitet, rygg, tumor, fot, kne, skulder, traume, barn og infeksjon. I tillegg roterer LIS-3 til Skadepoliklinikken kvar 12. veke (ein del av Ortopedisk klinikk). LIS-3 får tildelt rettleiar og supervisor (supervisor kvart halvår). Fordjupingstid ligg i arbeidsplanen. Avdelinga har organisert undervisning 4 gonger kvar veke.

Arbeidsoppgåver

  • Lege inngår i ordinær vaktordning, for tida 12-delt vakt
  • Deltar i utgreiing og behandling av ortopediske pasientar
  • Klinikken er knytt til Det medisinske fakultet, institutt for kirurgiske fag ved UiB, og har ansvar for undervisning av medisinarstudentar. Legar deltar i undervisning etter nærare avtale

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS3-stilling i ortopedi
  • Erfaring frå tidlegare arbeid innan ortopedisk kirurgi og forsking

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner, og evne til å arbeide systematisk og effektivt
  • Bidra aktivt til godt arbeidsmiljø
  • Interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Teneste gjev utdanning i akutt og elektiv ortopedi i henhald til gjeldande spesialistreglar for hovudutdanninga
  • Rettleiing etter gjeldande avtalar samt eit godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
  • Lønn iht gjeldande overeinskomst

 

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Jonas Meling Fevang
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 40200607
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Ortopedisk klinikk/ Ortopedisk avdeling HUS, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen