Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Mikrobiologisk avdeling har om lag 120 tilsette, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har ansvar for mikrobiologisk diagnostikk i Helse Bergen og omliggjande kommunar. Avdelinga har seksjonar for prøvemottak, virologi, bakteriologi, molekylærbiologi og medieproduksjon. Ved avdelinga er det 7 overlegar, 3 professorar som arbeider som overlegar i bistilling, og 5 LIS. 

Vi har no ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS) i medisinsk mikrobiologi. Oppstartsdato 12. august 2024 eller etter nærare avtale. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i diagnostisk arbeid
  • Godkjenne prøvesvar
  • Rådgje rekvirentar om prøvetaking og prøveresultat

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i medisinsk mikrobiologi
  • Det blir lagt vekt på kjennskap til avdelingas virkeområde og/eller erfaring innan medisinsk mikrobiologi
  • Det blior lagt vekt på erfaring eller interesse for forsking
  • Det blir lagt vekt på god skriftleg dokumentasjonsevne og gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Interesse for medisinske utfordringar knytt til mikrobielle agens 
  • Interesse for fagutvikling og forsking
  • Gode samarbeidsevner
  • Likar å arbeide i tverrfaglege team 
  • Fleksibel og initiativrik 

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå med spennande oppgåver
  • Engasjerte kollegaer som er opptekne av kvalitet og framdrift
  • Eit positivt og støttande arbeidsmiljø
  • Rettleiing fram til ferdig spesialitet i medisinsk mikrobiologi

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Elling Ulvestad
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55974616
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken/ Mikrobiologisk avdeling, Helse Bergen
Jonas Lies veg 87
5021 Bergen