Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for god kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? I så fall oppfordrar vi deg til å søke jobb hos oss.

Ved Avdeling for patologi Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som overlege i patologi og eit vikariat 100% stilling som LIS i patologi.
Avdeling for patologi, Helse Møre og Romsdal HF ligg i Norges vakraste by - Ålesund. Vi er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og røntgen. 

Avdelinga gjer deg gode høve til fagleg utvikling og det blir lagt til rette for å  kunne delta på relevante kurs. Tilsetting på overlegestilling er ønska snarast, etter avtale med avdelingssjef. LIS med kort tid igjen til spesialiteten blir også oppmoda til å søke.
For LIS-vikariatet ønsker vi oppstart 01.09.2024.

 

Arbeidsoppgåver

Vi tek imot prøver frå spesialisthejsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal, og svarte i 2023 ut rundt 28.000 biopsiar, 20.000 cytologiprøver og 70 obduksjonar.
Arrbeidsoppgåver for overlegestilling:

  • Avdelinga har ikkje fag-spesialisering. Erfaring frå generell histologi- og cytologi-diagnostikk blir verdsett.
  • Alle overlegar deltek med supervisjon både på mikro- makro og obduksjon.

Arbeidsoppgåver for LIS-stilling:

  • Diagnostikk av biopsiar, operasjonspreparat, cytologiske prøver og obduksjonar.

 

Kvalifikasjonar

  • Avdelinga søker overlege i patologi og LIS som ønsker å vere med på oppbygging av fagmiljøet innan patologi i Helse Møre og Romsdal HF, og vere med å skape ei framifrå helseteneste for pasientane våre.
  • Kandidat må mestre norsk eller eit av dei andre skandinaviske språka (svensk eller dansk) godt, både skriftleg og muntleg.
  • Overlege må vere godkjend spesialist i patologi i Norge (norsk autorisasjon), evt. vere i sluttfasen av spesialistutdanninga.
  • Kunnskap og ferdigheiter innan fagfeltet blir vektlagt.
  • LIS må ha godkjent LIS1-teneste eller turnusteneste etter gammal ordning.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe sjøvstendig og kunne trivast i eit dynamisk miljø
  • Vilje til å medverke både til eigen og andre sin kompetanse
  • God arbeidskapasitet
  • Trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • At ein er personleg egna for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hilde Guttormsen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: +47 70 10 66 37
Hjemmeside
Arbeidssted
Patologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen