Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger søker legar som ønsker seg inn i pediatri! Vi har ledig fast stilling som LIS2/3 frå 24.06.24. 

Kven er vi?

Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge, og poliklinikk. Nyføddintensiv behandlar alle typar perinatale tilstandar og tar imot premature frå 23 vekers gestasjonsalder. For dei talinteresserte: Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18000 konsultasjonar/år. Vi har 42,5 legestillingar korav 14 LIS, og to av LIS-stillingane er 50% stipendiatstilling.

Vi underviser medisinstudentar og vi har regelmessig hospitantar. Mange av legane jobbar med forsking, hovudsakleg innan lunge/allergi, nyføddmedisin, infeksjonsmedisin og endokrinologi.

Legane er fordelt i faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Barne- og ungdomsmedisin er ein brei spesialitet der ein både får brukt sin generelle kompetanse, men også kan fordjupa seg i eit spesifikt fag. Spesialiteten passar både for dei som er interessert i akuttmedisin og prosedyrer og for dei som likar å grubla over kompliserte diagnostiske utgreiingar. I vår avdeling er det flat struktur og lett å spørja om råd. Vi har ein utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team. Avdelinga har fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø. 

Kva tilbyr vi?

Avdelinga vår tilbyr fullt utdanningsløp i pediatri. Det er også god moglegheit til å delta i forskingsprosjekt. Hos oss møter du eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar, og mange engasjerte kolleger å diskutera med, både LIS og overlegar.

I arbeidsplanen får du faste fordjupingsdagar (6 dagar per 12 veker) og fri kvar 12. veke. Friveka kan evt. delast opp og fordelast jamnt utover i turnusen om ein ønsker det. "Standard" arbeidsplan inneber mellom 1 og 2 timar per veke med UTA, som kan reduserast etter ønske. 

Vi har eit svært triveleg og trygt arbeidsmiljø både blant LIS og i heile legegruppa. Vår utdanningsansvarlege overlege engasjerer seg stort både i LIS-ane si utdanning og generelle velvære, og alle nye LIS får fadder, veileder og grundig opplæring før ein går sjølvstendig vakt. LIS-ane får regelmessig veiledning både individuelt og i gruppe. Internundervisninga går på rundgang mellom faggruppene og det er god moglegheit å fordjupa seg i det ein synest er spanande! 

Stavanger er ein hyggeleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur, god mat og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg i vatnet, på stranda eller på fjellet. 

Praktiske forhold:

Det er ledig ein fast stilling som LIS 2/3 med oppstart 24.06.24. Ved intern tilsetjing kan det oppstå ledige vikariat.  

Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Ein bed om at det blir oppført om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom ein har teljande teneste frå før, er det ønskeleg at ein oppgjev kor lang tid ein har att til spesialitet. 

Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!

Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden. 

Arbeidsoppgaver

  • Nytilsette legar gjennomgår ein opplæringsperiode både på nyføddintensiv og på store barn, samt opplæringsvakter før ein har sjølvstendig vakt. 
  • LIS roterer 5 mndr om gangen mellom dei ulike sengepostane og poliklinikk. Ein lærer barselundersøking av nyfødde, mottak av akutt sjuke born og diagnostikk, utgreiing og behandling av mange typar problemstillingar gjennom visittgang på sengepost. Ein får arbeida både sjølvstendig og i team.
  • LIS går i primærvakt ved avdelinga. Vaktsjiktet er p.t. 12-delt. 
  • Dagtidsarbeidet består av visittgang, mottak og poliklinisk vurdering av pasientar, samt barselundersøking av nyfødde.

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1-teneste er nødvendig. 
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.

Personlige egenskaper

  • Du er blid og hyggeleg, og du likar utfordringar! 
  • Du har interesse for pediatrifaget og for å stadig læra noko nytt.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert, og du jobbar strukturert og effektivt.
  • Du tar initiativ og bidrar til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt.
  • Du likar å jobba sjølvstendig, men trivst med å samarbeida med andre.
  • Du kommuniserer godt med både kolleger, pasientar og pårørande.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Eit svært triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.
  • Gode velferdstilbod som m.a. bedriftsidrettslag og turgruppe. 

Mangfoldserklæring

Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspegla mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søka ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa Helse Vest ønsker å legga til rette for ei inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: +47 51 51 34 79
E-post: ann.marit.gilje@sus.no
Arbeidssted
Kvinne- og barneklinikken / avdeling Barne- og ungdomsklinikk / Barneklinikken leger, Helse Stavanger HF
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger
Mer om arbeidsgiver

Ønsker du å gjøre en forskjell på et av landets største sykehus? Stavanger universitetssjukehus tren...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image