Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.



Brystdiagnostisk senter (BDS) i Ålesund er i endring, og vi søker ein erfaren mammaradiolog til vår første dedikerte dagstilling.  

BDS lokalisert i Ålesund er del av Avdeling for radiologi Ålesund og Volda. Vi utfører klinisk brystdiagnostikk og mammografiscreening, og er stolte av dei tilsette sin høge faglege kompetanse, senteret sitt tverrfaglege miljø og ei drift som gjennom mange år har stått for effektiv utredning av ei stor pasientgruppe.   

Drifta av senteret blir pr i dag ivaretatt gjennom rotasjon av 4 radiologar, som ellers også dekker andre område i avdelinga og som inngår i bakvaktturnus, i tillegg til radiografar og sekretærar.
I tråd med endring av praksis i BDS-organiseringa i Norge dei siste åra, vil mammaradiologar i Ålesund i tida framover innta ei mer klinisk rolle i utredning av pasientane.. Arbeidet vil skje i tett samarbeid med kirurg, patolog og onkolog.  

Vi ønsker oss difor ein mammaradiolog som, saman med dei erfarne overlegane, vil vere ein viktig medvirkar  i arbeidet med å videreutvikle senteret. Gjennom fast dagstilling vil den som blir tilsett sikre kontinuitet og medvirke til ei meir robust eining for fylket sitt einaste BDS

Ved BDS har vi to Hologic mammografiapparat frå 2022/2023, begge med tomosyntese og det eine med kontrastmammografi og utstyr for tomosynteseveileda vacumbiopsi, samt eit ultralydapparat frå 2023.
Ein av radiologane våre driv aktivt med forsking både innan brystdiagnostikk og andre felt. I Mammografiprogrammet blir alle bilder frå Møre og Romsdal granska ved Ålesund sjukehus og alle etterundersøkingar blir også gjort her. I løpet av 2024 vil BDS i Møre og Romsdal starte opp som deltakar i KI-studie om bruk av KI i mammografiscreening. 

Arbeidsoppgåver

 
  • Klinisk og radiologisk multimodal brystdiagnostikk 
  • Mammografiscreening  
  • Bildeveileda prøvetaking  
  • Deltaking ved MDT møter  
  • Opplæring av LIS 
  • Organisatoriske og administrative oppgåver relatert til drift 

Kvalifikasjonar

  • Vi ønsker ein radiolog med oppdatert kunnskap og solid erfaring innan mammadiagnostikk og også innan bildeveileda prøvetakning  
  • Søkar må ha norsk spesialistgodkjenning i radiologi, men erfaren LIS som snart er ferdig spesialist med interesse for fagfeltet kan også søke 
  • Søkar må mestre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar som passar stillinga, vil bli lagt stor vekt på ved tilsetting

Du må ha: 

  • fagleg engasjement og stabil arbeidskapasitet gjennom arbeidsdagar med høgt tempo  
  • gode evner til tverrfagleg samarbeid, og motivasjon for kontinuerlig utvikling av senteret sin aktivitet 
  • gode evner til kommunikasjon med kollegaer og med kvinnene som møter til undersøking og utredning 
  • engasjement for veiledning av LIS 

Vi tilbyr

  • Dagstilling
  • Ei spennande høve til å spele ei sentral rolle i arbeidet med å sikre berekraftig drift av Møre og Romsdal sitt  BDS. 
  • Inkludering i ei avdeling med store ambisjonar for framtida, på eit sjukehus som i 2025 får nybygg for akuttmottak, operasjon og intensiv.  
  • Ein arbeidsplass midt i eit eldorado av opplevingar, både når det gjeld natur og kultur
  • Lønn etter overeinskomst/avtale 
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår 

Ikkje kjent på Sunnmøre? Sjå den vakre byen vår, og naturen rundt oss som byr på fantastiske opplevelsar, sommar som vinter! 

https://youtu.be/4P-ri9Vrkq0?si=BRiNqvDmMceF2L2g 

https://youtu.be/PICuHqIZKTE?si=JMplA3BGwd-JuqjJ 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Solveig Roth Hoff
Tittel: Seksjonsoverlege radiologi
Telefon: 91130059
Navn: Tom Atle Solberg
Tittel: Seksjonsleder
Telefon: 97165755
E-post: Tom.Atle.Solberg@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen