Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi ved Seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledige fleire faste og midlertidige stillingar for Lege i spesialisering. Vi har ledige stillingar i spesialiseringløp innan indremedisin, endokrinologi, infeksjonsmedisin og lungemedisin med tilsetting frå snarast og seinast 1.9.24. Startdato kan avtalast.

Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den inneheld 3 sengepostar, poliklinikkar, dialyseining og intensivsenger. Avdelinga har fagseksjonar innanfor nyresjukdomar, lungesjukdomar, blodsjudomar, hjartesjukdomar, diabetes- og stoffskiftesjukdomar, mage/tarmsjukdomar, intensivbehandling og infeksjonssjukdomar samt alderssjukdommar og hjerneslag. Vi har frå mars-23 endret til 16-delt vakt med kortare nattevakter og dobling av vakt på fleire timar i døgnet. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Fra mai har vi overlege i Akutt- og mottaksmedisin på plass. Seksjonen set godt arbeidsmiljø, samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål.

Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingar.

Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!   Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med konsertar og festivalar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter,som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Vil du lese meir om regionen vår, sjå her!

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid på poliklinikk og sengepost, samt akuttmottak
  • Supervisjon/rettleiing av LIS1
  • Internundervisning
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning
  • Utviklings- og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
  • Evne til fleksibilitet
  • Gode språkkunnskaper i norsk/skandinavisk, både muntleg og skriftleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å samarbeide
  • Du bidreg til innovasjon
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Jørn-Åge Longva
Tittel: Avdelingssjef (lege)
Telefon: +47 70106334 / 93423140
E-post: Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Navn: Øyvind Yksnøy
Tittel: Konst Seksjonsleiar (lege)
Telefon: 95203176
E-post: Oyvind.Yksnoy@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund