Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Ønskjer du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du får utfordre og utvikle deg både sjølvstendig og i team med dyktige kollegaer?

Kreftavdelinga ved Helse Førde har ledig fast 100% stilling for lege som vil bli spesialist innan hematologi, og eit toårig vikariat i 100% stilling for lege som vil spesialisere seg innan onkologi.

Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftbehandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane, og består av sengepost og poliklinikk.
Avdelinga har pasientar innan fagområda; onkologi, hematologi og palliasjon

Avdelinga er godkjent for spesialistutdanning innan hematologi og onkologi gruppe 2-teneste. Ved fullstendige utdanningsforløp har vi avtale internt og eksternt for både gruppe 1- og gruppe 2-teneste

LIS-legar går inn i 5-delt vaktordning, (helg 09:00 - 14:00) saman med overlege innan hematologi eller onkologi

Oppstart snarast eller etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved sengepost og etterkvart poliklinikk tilpassa kompetanse
  • Behandling og oppfølging av pasientar innan onkologi og hematologi
  • Deltaking i internundervisning for avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Søkjar til fast stilling må ha gjennomført LIS1-teneste
  • Søkjar som ventar på LIS1-teneste, eller ønskjer praksis på sjukehus, kan vere aktuell for vikariat
  • Relevant og klinisk yrkeserfaring vert vektlagt
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonevne

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse innan fagfeltet
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Kommunisere godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Evne til å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande, utfordrande jobb, i eit travelt og utviklande fagleg miljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons og forsikringsordningar 
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Ingunn Solheim Terøy
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 201
Navn: Jaroslav Bublevic
Tittel: Medisinskfagleg rådgjevar, overlege onkologi
Telefon: (+47) 578 31 314
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde