Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi søkjer lege som er nysgjerrig på korleis det er å jobbe innan barne- og ungdomspsykiatrien. Eit vikariat ved BUP kan spesielt vere egna for legar som ikkje har fått tilbod om LIS1-stilling enno, og som ønskjer å lære meir om ein av dei medisinske disiplinane som mange leger tenkjer dei veit mindre om, men som mange gjerne skulle kunne mer om, også i møte med pasientar i andre delar av helsevesenet.
Som nytilsett lege kan du jobbe avgrensa med enkelte problemområder, og du får god opplæring i legespesifikke oppgåver av dei erfarne overlegane i seksjonen. Det vil også vere rom for eit breiare spekter av oppgåver, og arbeidsoppgåvene vil kunne bli tilpassa erfaringa, interessene og kunnskapsnivået til den enkelte. 

For den rette personen, med gjennomført LIS 1, vil det også vere høve til fast stilling som LIS.

Arbeidstid er p.t er 08-16, med høve til flexitid. Oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av psykiske lidelsar hos barn og ungdom frå 0-18 år
  • Om ønskeleg vil det vere mulig å jobbe meir avgrensa med t.d. deloppdrag i utgreiing, og/eller vurdering og oppfølging ved medisinering.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Du må kunne snakke og skrive godt norsk
  • Kjennskap til norsk helsevesen

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Gode sammarbeidsegenskaper
  • Kunne jobbe strukturert og systematisk

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Opplæring
  • Veiledning
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kjell Åsmund Bryn
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71217550
E-post: kjell.asmund.bryn@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sykehusgata 2
6508 Kristiansund