Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du lyst på ei deltidsstilling i 20-50%?

Sjukehusa brukar medisinsk koding for å registrere kva pasientane blir behandla for, og kva slags undersøkingar, prosedyrar, og legemidlar pasientane får i sjukehuset. Desse opplysningane blir brukt til styring, kvalitetsforbetring, forsking og utvikling av helsetenestene, og gir grunnlag for finansiering av tenestene. Det er viktig at kvaliteten på kodinga er god slik at aktiviteten blir rett framstilt, og at vi får rett grunnlag for planlegging, evaluering og finansiering av verksemda.

Seksjon for helsetenesteutvikling i Forskings- og utviklingsavdelinga søker etter ein verdiorientert og dyktig lege til å jobbe med medisinsk dokumentasjon og koding. Du likar å jobbe med strukturerte data, regelverk, rutinar og opplæring, samstundes som du trivst med å jobbe med ulike folk og einingar. Stillinga kan kombinerast med anna administrativt arbeid, klinisk arbeid eller forsking.

Seksjonen støttar dei kliniske einingane og leiinga ved sjukehuset innan følgande område:
- oppfølging av medisinsk dokumentasjon, og koding
- oppfølging av forskriving av sjukehusfinansierte legemiddel
- prosjekt- og forbetringsarbeid, særleg knytta til pasientforløp/pakkeforløp, helselogistikk og arbeidsprosessar
- pasientrapporterte data
- styringsdata og analysar

Som rådgjevar i Seksjon for helsetenesteutvikling vil du rapportere til seksjonsleiar, og jobbe i team saman med andre legar, sjukepleiarar, dataanalytikarar m. fl. Vidare vil du samarbeide med fagfolk frå andre seksjonar i Forskings- og utviklingsavdelinga, og med fagfolk i mange andre einingar i sjukehuset. 

Arbeidsoppgåver

Delta i og vidareutvikle arbeidet knytta til oppfølging av medisinsk dokumentasjon og koding:

  • Følge opp og rettleie dei kliniske einingane når det gjeld kvaliteten på medisinsk dokumentasjon og koding samt forskriving av sjukehusfinansierte legemiddel
  • Delta i arbeidet med intern opplæring i medisinsk dokumentasjon og koding
  • Kodekontroll og journalgjennomgang av utvalde opphald og kontaktar i sjukehuset
  • Delta i fagnettverk for å spreie erfaring og kunnskap om medisinsk dokumentasjon og koding
  • Bidra med medisinske vurderingar i ulike prosjekt, forbetringsarbeid, styringsdata og analysar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som lege i Noreg
  • Arbeidserfaring som lege frå sjukehus
  • Du er god brukar av Excel, og har gjerne erfaring med bruk av DIPS og NIMES
  • Gode kommunikasjonsevner, og god i norsk munnleg og skriftleg
  • Relevant kompetanse innanfor medisinsk dokumentasjon og koding

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, omgjengeleg og lett å samarbeide med
  • Du er sjølvstendig, ansvarsbevisst og har høg arbeidskapasitet
  • Du er systematisk og nøyaktig
  • Du har ei positiv haldning til å tileigne deg og dele kunnskap

Vi tilbyr

  • Fast stilling i 20-50% med fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor
  • Utfordrande og meiningsfylte oppgåver
  • Fagleg utvikling
  • Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Pål Ove Vadset
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 92245341
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Forskings- og utviklingsavdelinga/ FoU, Seksjon for helsetenesteutvikling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen