Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
2 stk. 50 % avtaleheimlar for godkjende spesialistar i augesjukdomar er ledig frå 01.09.2024, eller etter avtale. Helse Vest ønskjer primært å lokalisere dei to avtalepraksisane i Sogndal, men dersom det ikkje er søkjarar til Sogndal, vil det være mogleg å lokalisere dei to avtalepraksisane i Florø. Søkjarar til Sogndal vil bli prioritert.
 
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre
 
Avtalepraksisane skal i all hovudsak gjennomføre ordinær medisinsk utredning og behandling innan oftalmologi, og i mindre grad kirurgi. Avtalepraksisane vil ikkje bli tillagt oppgåver innan kataraktkirurgi
 
Praksisane skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
 
Avtalespesialistane skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialistane foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialistane skal ta imot tilvisingar, medrekna øyeblikkelig hjelp, frå primærhelsetesta.  
Avtalespesialistane skal også ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Førde HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialistane også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Førde HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisane skal i samarbeid med Helse Førde HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
 
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.
 
Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 546 550 (klasse 1) til kr. 813 950 (klasse 3).
 
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar før det vert gitt tilbod om avtaleheimel.
 
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 415 33 822.
 
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4068 Stavanger, eller til post@helse-vest.no.  
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Privatpraktiserende spesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktperson
Navn: Helse Vest v/Torleiv Bergland
Tittel: Spørsmål om heimelen
Telefon: 415 33 822
Hjemmeside
Søknad
Søknad sendes: Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4068 STAVANGER

Send søknad på mail
Arbeidssted
,
6851 SOGNDAL