Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig ei fast stilling for lege i spesialisering i generell indremedisin.

Ved medisinsk avdeling på Stord sjukehus har vi 9 LIS 2/3 stillingar og ei todeling av vaktdøgnet som inneberer at ein ikkje treng å arbeide heile døgnvakter. Vi legg til rette for at du skal kome gjennom alle anbefalte kurs for di spesialisering på normert tid. Det er faste dagar for fordjuping i den rullerande vaktplanen.
Som LIS 2/3 i vår avdeling deltar du i vaktarbeid i akuttmottak, postarbeid og poliklinikk. Du får mykje ansvar under tett oppfølging av våre overlegar som er indremedisinarar, lungelegar, gastroenterologar, nefrologar og kardiologar.

Hos oss får du gjennomført mange av læringsmåla i indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi.
Det er moglegheit for å fullføre di spesialisering ved Helse Bergen som vi har samarbeidsavtale med.
Vi vil også leggje til rette for at du kan fullføre spesialiseringa di ved eit anna sjukehus.
Ved spesialisering ved Helse Bergen har du fortrinn til eit gjennomgåande utdanningsløp.
Utdanningsplan for spesialiseringa finn du HER og du kan lesa meir om korleis det er å jobbe ved Stord sjukehus og bu i Sunnhordland HER.

Fastlegar med behov for sjukehusteneste er og hjarteleg velkomen hos oss (ALIS).

 

Stillinga er ledig fra 24.04.24. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande.   

Arbeidsoppgåver


  • Oppfølging av pasienten i nært samarbeid med et fleirfagleg behandlingsteam
  • Samarbeid internt med andre faggrupper
  • Dagleg oppfølging av pasienten i nært samarbeid med eit fleirfagleg behandlingsteam
  • Journalarbeid
  • Vaktarbeid
  • Postarbeid
  • Poliklinikk
  • Internundervisning
  • Delta i utgreiing og behandling 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS 1 innan startdato er eit krav for å bli vurdert til stillinga
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Kunnskap om EPJ og andre fagsystem
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Engasjert
  • Gode datakunnskapar
  • Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

     

  • 9-delt vaktordning med todeling av vaktdøgnet. Aktiv vakt tilstade på sjukehuset. Erfarne overlegar i bakvakt og tilstade i samsvar med vaktplan på kveld og helg
  • Regelmessig internundervisning
  • Helse Fonna-bonus
  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Medlemskap i landets kanskje beste pensjonsordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstar

Mangfoldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Philipp Reichel
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: +47 41075030
Navn: Sunniva Austlid
Tittel: Avdelingsleder
Telefon: +47 90096097
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk avdeling Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64
5416 STORD