Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenester for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.

Hausten 2023 samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern og flytta saman i Glasblokkene. Dette vil gje nye og spennande moglegheiter for framtida. Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring.

BUK har 67 sengar fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for merkantile tenester, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.

I samband med overgang til pensjon, søker no Barne- og ungdomsklinikken (BUK) etter ny seksjonsoverlege ved nyføddintensiv avdelinga vår. Ved intern tilsetting av seksjonsoverlege vil det vere ope for tilsetting av overlege. Per i dag inngår seksjonsoverlegen i BUK si leiargruppe. Ved seksjon for nyføddintensiv arbeider i dag 8 overlegar. Seksjonen har 16 senger, og arbeider med alle delar av nyføddmedisin, inkludert ekstremt premature. Avdelinga er landets tredje største nyføddavdeling. 

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsoverlegen har eit overordna medisinskfagleg ansvar for pasienthandtering innan nyføddmedisin, inkludert diagnostikk, overvaking og behandling
  • Seksjonsoverlegen samarbeider nært med seksjonsleiar nyføddintensiv, og rapporterer til seksjonsleiar lege/direktør BUK
  • Seksjonsoverlegen har ansvar for planlegging av legeressursar, for fagleg kvalitet og oppdaterte rutinar og prosedyrar, for god pasientbehandling, opplæring pasientar og pårørande, for formidling av medisinsk informasjon til det offentlege innan eige fagområde, tilpassing av drift, prioritering ved knappe ressursar og tilpassing av tilbodet innanfor rammene som føreligg
  • Det er forventa at seksjonsoverlegen bidrar til motivasjon av medarbeidarar, til god ressursutnytting og til høg kvalitet i arbeidet på avdelinga
  • Det er føresett at seksjonsoverlegen er lojal mot overordna mål og gjeldande vedtak i Helse Bergen og ved Barne og ungdomsklinikken, så lenge desse ikkje er i strid med overordna yrkesetikk
  • Bidra aktivt inn i undervisning og opplæring av kollegaer og studentar
  • Delta i vaktlaget for nyføddbakvakt, for tida 7-delt vakt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i pediatri, bakvaktkompetanse nyføddmedisin er ein fordel
  • LIS lege med snart ferdig spesialitet i pediatri kan også søke
  • Det blir lagt vekt på klinisk erfaring, særleg innan nyføddmedisinsk behandling
  • Erfaring med forsking er ein fordel
  • Erfaring frå leiing er ein fordel
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Karin Birgitta Tylleskar
Tittel: Overlege
Telefon: 55975246
E-post: karin.birgitta.tylleskar@helse-bergen.no
Navn: Maria Vollsæter
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 48068282
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen
Søk på stillingen