Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) har ledig inntil 4 vikariat i 100% stilling som Lege i spesialisering innan generell pediatri i 6 månader frå 1. september, med mulighet for forlengelse. 

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus
på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale
og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil
fylte 18 år, og er
lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
 
 Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla
vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk
helsevern i Glasblokkene. Dette gjev nye og spennande muligheter for framtida.
 
BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B,
Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for
kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt
350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.

Vi søker etter inntil 4 engasjerte LIS-legar med påbegynt spesialisering i barnemedisin eller som ønsker å utdanne seg til barnelege, eventuelt LIS som ønsker pediatri som sideutdanning. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga.

Les meir om oss:  Barne- og ungdomsklinikken

Arbeidsoppgåver

  • Postarbeid og arbeid i pasientmottak og poliklinikk med utgreiing og behandling av barne- og ungdomssjukdommar
  • Vurdere pasientar med tilvising frå både primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta
  • Du deltar i tilstades forvakt/bakvakt basert på kompetanse
  • Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervisning, kurs og anna etterutdanning
  • Vi viser til Helse- og omsorgsdepartementet sin utdanningplan for pediatri og læring i pediatri
  • Veiliedning av studenter

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnustjeneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i pediatri
  • Det blir lagt vekt på klinisk erfaring og fungering
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg. (Det er krav om at ein kan dokumentere kunnskap i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Søkar med forskingsbakgrunn vil bli føretrekte
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a 

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet pediatri 
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Du kan delegere og følge opp delegerte oppgåver
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press

Vi tilbyr

  • Du vil få ein overlege som rettleiar under spesialistutdanning og rettleiing av overlege ved alle fagseksjonar der du arbeider
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmilijø
  • Høgt fagleg nivå der alle deler av pediatrien er representert
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Ninnie Helen Bakken Oehme
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 90540556
E-post: ninnie.helen.bakken.oehme@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen