Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har f.o.m 1.07.2024 ledig 100% fast stilling som sjukeheimslege. Vi ønskjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønsker å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande miljø!
Vi søkjar fortrinnsvis deg som er spesialist innan allmennmedisin, eller geriatri. Andre relevante spesialister kan også søkje. 

Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen. Nokre dager i månaden er tilknytt Fusa bu-og behandlingssenter i Eikelandsosen. Reisetid på ca. 30 min. til Fusa-bu og behandlingssenter er inkludert i arbeidstid.

Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året. Fusa bu-og behandlingssenter (FBBS) har ein miljøavdeling for personar med demens, ein bu avdeling og ein korttids-og rehabiliteringsavdeling med til saman ca 40 bebuarar.Vi har og 3 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. 2 på LBBS og 1 på FBBS. Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.

Arbeidsoppgåver
  • Medisinskfaglig ansvar for utredning, behandling og rehabilitering av pasientar og bebuande på sjukeheim. Ein del av stillinga omfattar klinisk arbeid ved sjukeheimane
  • Samarbeid med pårørande, fastleger og øvrige einingar og faggrupper
  • Medisinsk rådgjevar for einingsleiar, avdelingsleiar og øvrig helsepersonell ved LBBS og FBBS
  • Bidra med fagutvikling og administrativt arbeid
  • Ansvar for veiledning og supervisjon av leger under utdanning (ALIS og LIS-1)
  • Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga 
  • Stedfortreder for sjukeheimsoverlege ved fravær/permisjon.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist innan allmennmedisin eller geriatri. Andre relevante spesialister kan også søkje
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leggjast fram
Eigenskapar
  • Vi søkjer deg som har erfaring, interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisin
  • Du har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
  • Du er ansvarsbevisst, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner  
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
  • Internundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legar
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • God konkurransedyktig lønn
  • Tilrettelegging for å oppnå godkjenning i kompetanseområdet alders- og sjukeheimsmedisin
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Synnøve Tvedt Skarstein
Telefon: +47 467 47 564
Arbeidssted
Solstrandsvegen 39
5200 OS