Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har ledig 100% fast stilling som sjukeheimslege. Vi søker deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønsker å jobbe i et engasjert, positivt og inspirerande miljø!
Det er gode moglegheiter for både «ad hoc» - og meir strukturert rettleiing av erfarne legar.

Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen. Ca 1 dag i veka er tilknytt Fusa bu-og behandlingssenter i Eikelandsosen. Reisetid på ca. 30 min. til Fusa bu-og behandlingssenter er inkludert i arbeidstid.

Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS)  har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året. 

Fusa bu-og behandlingssenter (FBBS) har ein miljøavdeling for personar med demens, ein bu avdeling og ein korttids-og rehabiliteringsavdeling med til saman ca 40 bebuarar.

Vi har og 3 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. 2 på LBBS og 1 på FBBS.

Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.

Arbeidsoppgåver
  • Utredning, behandling og oppfølging av bebuarar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell
  • Samarbeid med pårørende, fastleger og øvrige einingar og faggrupper
  • Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga 
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leggjast fram
Eigenskapar
  • Vi søker deg som har interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisin, eller ønsker å lære om faget.
  • Du har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
  • Du er ansvarsbevisst, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner  
  • Gode kommunikasjonsferdigheter
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar 
Vi tilbyr
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • God konkurransedyktig lønn
  • Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • En svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
  • Interundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Allmennmedisinsk tjeneste på sjukeheim for spesialisering i allmennmedisin
  • Rettleiing av erfarne sjukeheimslegar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Synnøve Tvedt Skarstein
Telefon: +47 467 47 564
Arbeidssted
Solstrandsvegen 39
5200 OS