Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Sogndal DPS/Indre Sogn psykiatrisenter har ledig 100% fast stilling som psykiater/overlege frå september 2024 (fleksibel oppstartdato)

Vi søker etter psykiater/overlege ved ambulant FACT team, men annan seksjon kan avtalast. Hybride kontorløysingar er mogeleg.

Senteret er eit moderne DPS som er delt i seksjon Dag og Døgn. Ved Seksjon Dag har vi  mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk, spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB team. Seksjon Døgn har 13 senger og ved hjelp av eit  modifisert ambulant FACT  team arbeider vi aktivt ut mot kommunane i vårt opptaksområde.

Vi er samlokalisert med Sogndal BUP og det er om lag 80 - 90 tilsette ved senteret. Du kan lese meir om senteret og tilbodet vi gjev på Helse Førde si internettside: 
https://www.helse-forde.no

Vertskommunen er Sogndal som er ein av få kommunar utanfor storbyane som er i sterk vekst. Årsaka til det kan vere eit variert arbeidsmarked og unik natur som er skapt for eit aktivt friluftsliv. Les meir om regionen her: https://www.sogn.no/ 

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell
  • Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar
  • Deltaking i senteret sin beredskapvaktordning i lag med dei andre legane på senteret
  • Poliklinisk eller sengepost alt etter dei behov avdelinga har

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykiater.
  • Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Førarkort i klasse B, er ein fordel men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og engasjement for faget og pasientgruppa
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du tenkjer heilskapleg, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt arbeidmiljø med hyggelege og erfarne kollegaer med brei og god kompetanse
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstilskot, tilskot til bustad, pendling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg fagmiljø med tverrfagleg samarbeid
  • Moglegheit for hybride løysingar/heimekontor

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Øystein Sande
Tittel: Seniorpsykologspesialist/teamleiar
Telefon: 576 27 500
Navn: Øyvin Helge Myrmel
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 415 30 396
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde
Dalavegen 29
6856 Sogndal
Søk på stillingen