Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kan du tenkje deg å bli ein del av vårt team ved kirurgisk avdeling Ålesund?
Vi driv aktivt med forsking, 3 overlegar har doktorgrad. Vi er den største kirurgiske avdelinga i HMR og har mellom anna ansvar for kar- og mamma endokrinkirurgi samt nyrekirurgi for heile fylket. Det utførast colorectalkirurgi med ca. 50 operasjonar for cancer recti og ca. 120 for ca coli per år. Vi er pt 15 overlegar, 11 LIS 2/3 og 14 LIS 1.

Vi har følgjande ledige stillingar: 
LIS urologi vikariat - 1 år, oppstart etter avtale
LIS mamma endokrinkirurgi - frå 01.09.24 i 6 månader
LIS kirurgi vikariat - frå snarast t.o.m 01.03.25
LIS kirurgi vikariat - frå 01.03.25 i 6 månader

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp og lagt ved søknad og CV.   

Arbeidsoppgåver

  • Vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk, operasjonar
  • Inngå i LIS 2/3 vaktskift, delte vaktdøgn, for tida 9 delt vakt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, må legge ved søknadsblankett for legestillingar
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Det å vere personleg egna vil bli vektlagt
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Valborg A. Bakke
Tittel: Seksjonsleiar / Kirurgiske legar
Telefon: +47 70105167
E-post: Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund